Utviklingssjef Simon Nesse Økland i Bremnes Seashore ber kundar om å kasta Salma-produkt kjøpt frå måndag denne veka.
Utviklingssjef Simon Nesse Økland i Bremnes Seashore ber kundar om å kasta Salma-produkt kjøpt frå måndag denne veka. Foto: Marius Knutsen / arkiv

Salma trekkjer tilbake laks etter bakteriefunn

Bremnes Seashore AS har fått påvist spor av bakterien listeria monocytogenes på ein Salma halvloin med slaktedato 3. oktober 2019.

Det skriv selskapet i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

– For å vera heilt sikre tilbakekallar me alle Salma-produkt knytta til denne slakte-/pakkedagen. Dette gjeld alle Salma-produkt merka med partinummer 122324 og 221253. I tillegg gjeld det Salma Smoked merka med partinummer 221252, seier Simon Nesse Økland, utviklingssjef i Bremnes Seashore i pressemeldinga.

Dei tilbaketrekte produkta har ifølgje Økland vore i sal i butikk frå måndag 7. oktober, med unnatak av Obs Haugesund der varene var i sal frå fredag 4. oktober.

– Me beklagar det som har skjedd. Dei som har kjøpt desse produkta vert beden om å kasta dei dersom dei er merkte med dei aktuelle partinummera. Det er også mogleg å returnera produkta til butikken der dei vart kjøpt for å få pengane tilbake, skriv Økland.

– Det må særs mange bakteriar til for å gjera friske folk sjuke, så det er gjerne personar som har nedsett immunforsvar, mellom anna gravide, eldre og nyfødde, som kan få alvorleg sjukdom frå listeria, legg han til.

Økland skriv vidare at Bremnes Seashore har eit omfattande prøvetakingsregime og vaskar ned produksjonslokala kvar einaste dag for å sikra god hygiene og trygg mat.

– Som følgje av påvisinga har me gjort ekstra tiltak med demontering og desinfisering. Produksjonen frå påfølgjande produksjonsdag er testa og trygge å eta. Det er ikkje funne listeria på andre produkt frå Bremnes Seashore, seier Økland.

Reportasje:Eventyret Bremnes Seashore