Ein bil har køyrd av vegen ved Skorpevegen på Tysnes.
Ein bil har køyrd av vegen ved Skorpevegen på Tysnes. Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV

Sat fast i bilen etter utforkøyring

Førar med born i bilen.

Laurdag kl. 18.41 skreiv politiet i Hordaland at ein bilførar, med eit born, køyrd av vegen ved Skorpevegen på Tysnes.

– Det er snakk om ei kvinne, med ein fem år gamal son, som har vore uheldig og køyrd av vegen, seier Lars Geitle i Vest Politidistrikt til Sunnhordland.

Sonen har komen seg kjapt ut av bilen uskada, medan føraren måtte få hjelp av brannvesenet for å koma seg ut av bilen etter å ha sete fastklemt.

– Ho får ikkje laus beina. Bilen har nok fått seg ein god skrell, i og med at ho ikkje kjem seg ut. Det er truleg snakk om ein deformasjon av bilen, sa Geitle vidare.

Både helse-, brannvesen og politi vart send ut for å bistå.

Klokka 19.12 skriv brannvesenet på Twitter at personen er frigjeve og vert teken hand om av helsepersonell.

Personen er frigjort og tas hånd om av helsepersonell.

— 110 Hordaland (@110Hordaland)August 12, 2017

Skorpevegen, Tysnes. Ein bil med førar + eit barn har køyrt utfor vegen. Førar sit fast i bilen, er bevisst. Naudetatane er på veg.

— Politiet i Hordaland (@Hordalandpoliti)August 12, 2017