Ein mann i 40-åra fekk beskjed om å forlata Leirvik sentrum.
Ein mann i 40-åra fekk beskjed om å forlata Leirvik sentrum. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Sendte heim rusa mann som urinerte i sentrum

Bortvist på lyse dagen.

Ein mann i 40-åra fekk beskjed om å forlata Leirvik sentrum måndag ettermiddag. Mannen skal ha vore rusa og skal ha urinert på offentleg stad, melder Sørvest politidistrikt.

Lokalt politi har også hatt dokumentkontroll i Svortlandsvegen på Bømlo i ettermiddag. 75 førarar måtte visa fram førarkort og vognkort. Politiet hadde ingen reaksjonar.