annonse

Sikrar aktivitet i to og eit halvt år

Ny kontrakt
Ny kontrakt: Båten som skal leverast til Torghatten Nord AS er tilsvarande denne. (Foto: Oma Baatbyggeri)

Oma Baatbyggeri har no sju båtar i ordre.

Vidar Hope

Oma Baatbyggeri AS og Torghatten Nord AS i Tromsø har inngått kontrakt om levering av ein 29 meter last-/passasjerkatamaran. Båten skal leverast i juni neste år, opplyser dagleg leiar Gunnar Jan Oma i ei pressemelding.

– Båten som har ein kapasitet på 147 passasjerar og servicefart på 30 knop, skal nyttast i samband med eit snøggbåtsamband som Torghatten Nord AS betener i Troms, skriv Oma.

Det er ein 29 meter lang kombikatamaran som er basert på tidlegare konsept som verftet har levert ein rekkje av til ulike norske reiarlag.

– Med denne kontrakten har ordrereserven passert 500 millionar kroner for båtbyggeriet og sikrar god sysselsetting ut 2021. Med den siste ordren har båtbyggeriet sju fartøy som skal leverast innan utgangen av 2021. Den første av desse sju, som er ei batteridrive ferje til Boreal, skal leverast no i slutten av juni, skriv Gunnar Jan Oma.

Fekk du med deg denne? Torghatten Nord har fått sin eigen singel

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut