RASAR: Gaute Epland (t.v.) og Jakob Bjelland vil gjera endringar i kartet etter at fylkespolitikarane i Vestland vende Hordfast ryggen. Dei ser no sør mot naboen Rogaland. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Sinnet i kok på Stord: Vil melda overgang til Rogaland fylke

Ordførar og varaordførar rasar etter at fylkespolitikarane vende Hordfast-prosjektet ryggen.

Fylkesutvalet i Vestland vedtok i dag innstillinga til Nasjonal transportplan (NTP) utan å nemna Hordfast. Det har fått ordførar og varaordførar på Stord til å tenna på alle pluggar.

– Det er utruleg skuffande og eigentleg ganske sjokkerande at fylkespolitikarane no ser ut til å ikkje vilja prioritera eitt av dei viktigaste prosjekta for å knyta saman og utvikla det nye fylket vårt, seier ordførar Gaute Epland (Ap) i ei pressemelding.

Han meiner at E39 Hordfast ikkje berre er det mest samfunnsnyttige prosjektet i NTP, men at det også er eitt av dei beste klimaprosjekta og vil bidra til betydelege utsleppsreduksjonar.

– Dette er noko ein burde vore stolt av og heia på. Men så vil ein ikkje eingong ha prosjektet, skriv han vidare.

– For oss i Sunnhordland er dette desto meir skuffande ettersom det kjem i etterkant av ei fylkessamanslåing regionen vår har komme svært dårleg ut av, seier varaordførar og fungerande ordførar Jakob Bjelland (Sp) i pressemeldinga.

Les også
Halleraker håpar på løysing

– At ein no ser ut til å heller ikkje vilja satsa på samferdsle i regionen vår, opplever me som eit nytt prov på at me ikkje vert sett på som viktige i det nye fylket.

NTP-uttalen skal handsamast og endeleg vedtakast i fylkestinget. Om uttalen vert ståande etter fylkestinget si handsaming, er dei begge klare på éin ting:

– Då vil me ta initiativ til at Sunnhordland melder overgang til Rogaland, skriv Epland.

– Å melda overgang til Rogaland har vore diskutert her hos oss også tidlegare, etter at spørsmålet vart løfta av tidlegare ordførar i Bømlo, Odd Harald Hovland (Ap). Då heldt me i Stord fast på at me ynskte å vera ein del av det nye vestlandsfylket. Men no er begeret meir enn fullt, og me har vanskeleg å sjå at me har så mykje å henta på å vera ein del av dette fylket lenger, skriv dei to.