Sjukefråværet er svakt stigande på landsbases. Statistikken blir laga i samarbeid mellom Nav og SSB.
Sjukefråværet er svakt stigande på landsbases. Statistikken blir laga i samarbeid mellom Nav og SSB. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Sjukefråværet gjekk svakt opp i første kvartal

Sjukefråværet i første kvartal var på 5,9 prosent, ifølgje sesongjusterte tal frå Nav og SSB. Det svarer til ein auke på 1,1 prosent frå førre kvartal.

Det legemelde sjukefråværet i første kvartal 2019 var 5,0 prosent, og det eigenmelde var 0,9 prosent.

Samanlikna med fjerde kvartal i fjor auka det legemelde fråværet med 0,6 prosent og det eigenmelde med 4,3 prosent. Til saman blir dette ein auke på 1,1 prosent, som svarer til ein vekst på 0,1 prosentpoeng.

– Sjølv om sjukefråværet har auka litt frå førre kvartal, er sjukefråværet stabilt, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Tala er korrigerte for sesongvariasjonar som kjem av mellom anna influensa og bevegelege heilagdagar, slik at sjukefråværet kan samanliknast med kvartala før.

Sju bransjar blir prioriterte

Per første kvartal i 2019 var det legemeldte sjukefråværet i Hordaland og Sogn og Fjordane 5,5 prosent. Sjukefråværet er noko høgare i Hordaland med 5,5 prosent samanlikna med Sogn og Fjordane som har 5,3 prosent.

Til saman 913.762 dagsverk gjekk tapt i Vestland i første kvartal fordelt på Hordaland (763.049) og Sogn og Fjordane (150.713). Dette svarar til om lag 4.000 tapte årsverk.

Det er framleis høgast sjukefråvær innan helse- og sosialtenester i begge fylka, Hordaland med 8,1 prosent og Sogn og Fjordane med 7,7 prosent, melder Nav.

Direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland fortel at det er fleire bransjar innan helse blant dei sju bransjane som partane i IA-avtalen no skal retta innsatsen mot for å redusera sjukefråvær og fråfall. Dei sju bransjane er sjukehus, sjukeheim, barnehagar, leverandørindustrien - olje og gass, næringsmiddelindustrien, rutebuss og persontrafikk og bygg og anlegg.

– Både erfaring og førebels analyser av sjukefråværet i Vestland, visar at dette treff godt med tanke på korleis sjukefråværet ser ut i våre fylke. Me jobbar no med å kartleggja den enkelte verksemda i nemnde bransjar i kvar region. Bransjane har ulike utfordringar, og me håpar å treffa betre med verkemidla når me går spesifikt inn i kvar bransje, seier Bogsnes i ei pressemelding.

Det lågaste fråværet finn me innan omsetning og drift av fast eigedom i Sogn og Fjordane (2,1 prosent) og i informasjons- og kommunikasjonsbransjen i Hordaland (2,9 prosent).

Flest muskel-/skjelettlidingar

Det er høgst sjukefråvær i aldersgruppa 55-64 år, og lågast blant dei under 25 år. Sjølv om denne gruppa har lågt fråvær er det òg blant dei yngste at fråværet aukar mest.

Det er høgast sjukefråvær på Radøy (7,5 prosent), Solund (7 prosent), Vaksdal og Gulen (begge 6,7 prosent). Kommunane med lågast sjukefråvær er Aurland (3,3 prosent), Fedje (3,7 prosent) og Fjaler (4 prosent).

Dei to klart største diagnosekategoriane i begge fylka er muskel-/skjelettlidingar og psykiske lidingar. Til saman utgjer desse om lag 60 prosent av alle sjukmelde, melder Nav.

Om lag 20,6 prosent av sjukmeldingane i Hordaland var gradert i dette kvartalet. Hordaland, Oslo har lågast del graderte sjukefråværstilfelle i landet. I Sogn og Fjordane er talet 25 prosent.

Det totale sesongjusterte sjukefråværet i landet er no på 5,9 prosent. Samanlikna med fjerde kvartal 2018 var det ein auke i det eigenmelde sjukefråværet på 4,3 prosent, medan det legemelde auka med 0,6 prosent. Samla var det ein auke på 1,1 prosent.

Kommune, sykefråvær prosent 1. kvartal 2019, % endring frå same kvartal i fjor

- SVEIO 6,1 -3 %

- BØMLO 5,3 5 %

- STORD 5,1 -3 %

- FITJAR 5,2 1 %

- TYSNES 5,5 -2 %

- KVINNHERAD 5,6 1 %

- AUSTEVOLL 5,0 -9 %

- HORDALAND 5,5 0 %

- SOGN OG FJORDANE 5,3 6 %

- VESTLAND 5,5 1 %