Video: Alle sjukehusa i Helse Vest skal no byrja ta i bruk videokonsultasjonar. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Sjukehusa på Vestlandet skal bruka videokonsultasjonar

Så langt det er mogeleg vil sjukehusa i Helse Vest no bruka videokonsultasjonar, for å halda fysiske møter mellom menneske til eit minimum og redusera risiko for smitte.

I Helse Vest har dei jobba på spreng dei siste vekene for å få klar ei god og sikker løysing for videokonsultasjonar, heiter det i ei pressemelding. No skal polikliniske konsultasjonar bli gjennomført via video i heile Helse Vest.

– Det er viktig å halda dei tilsette og pasientar friske, samstundes som alle skal få eit godt og tilstrekkeleg tilbod. At me no kan tilby videokonsultasjonar i ein større skala er eit viktig tiltak for å redusera smitterisikoen i sjukehusa, seier Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest.

Les også
Smittetalet aukar i Fitjar og Bømlo

Personvern høgste prioritet

Løysinga som no vert tilgjengeleg er allereie klar til bruk, og over tusen virtuelle møterom har blitt bestilt av ulike avdelingar i sjukehusa. Behandlaren som ønskjer å bruka videokonsultasjon må nemleg bestilla eit eige virtuelt møterom som pasienten blir kalla inn til. Dette skal bidra til å sikra personvernet til pasienten.

– Personvernet til pasienten har høgste prioritet når me vel å ta i bruk videokonsultasjonar. Me har gode rutinar og strenge krav som skal sikra at me varetek personvernet også ved ein elektronisk konsultasjon, seier Christiansen i pressemeldinga.

Les også
Byggvarehandelen merkar korona-konsekvensane

Må registrera samtykke

Pasientane loggar seg inn på helsenorge.no med BankID, der dei har fått tilsendt eit elektronisk innkallingsbrev. I brevet skal det ei lenkje som pasienten kan trykkje på for at løysinga skal opna seg. Møteromma blir låst under ein konsultasjon, slik at ingen andre kan koma inn i det virtuelle møterommet. Dei pasientane som er aktuelle for ein videokonsultasjon vil bli kontakta av sjukehuset.

– Behandlaren skal vurdera om ein konsultasjon krev at pasienten er fysisk til stades, eller om konsultasjonen kan bli gjennomført via video eller telefon. For at pasientar skal kunna gjennomføra videokonsultasjon, må dei først logga inn på helsenorge.no og registrera sitt samtykke slik at sjukehuset kan kalla dei inn, seier Christiansen.

Du må logga deg inn med BankID på helsenorge.no, men ikkje alle har mogelegheit til dette, som til dømes barn mellom 12 og 16 år. Det blir arbeida med ei løysing også for desse gruppene, men i mellomtida har sjukehusa tatt i bruk andre løysingar.

Les også
SIM opnar miljøsentralane igjen