Regjeringa vil leggja over 100 millionar kroner på bordet for å fjerna bommen i Halsnøytunnelen.
Regjeringa vil leggja over 100 millionar kroner på bordet for å fjerna bommen i Halsnøytunnelen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / ARKIV

Skal fjerna bommen i Halsnøytunnelen

Regjeringa legg pengar på bordet, og fjernar bompengar i Halsnøytunnelen. Prisen er over 100 millionar.

Søndag kveld vart det kjent at regjeringa, i samband med revidert nasjonalbudsjett, kjem til å leggja 200 millionar kroner på bordet for å riva bomstasjonar på utvalde strekningar. Og eitt av dei sambanda som no vert betalt ut er Halsnøysambandet. Det varKvinnheringen som først omtalte saka.

«Kvinnherad FrP, i tillegg til Vestland FrP, har teke opp forskjellige problemstillingar rundt Halsnøysambandet med regjeringa, blant anna at den til ein viss grad splittar arbeidsmarknaden, den gjer det økonomisk vanskeleg for dei med låg inntekt og for alle som må passera bomvegen på grunn av jobb. I tillegg er dette sambandet svært fordyrande for industrien og transportnæringa som nyttar sambandet for å få fram varene», heiter det i ei pressemelding som vart sendt ut søndag kveld, og signert leiar i Kvinnherad Frp, Kai Morten Torget.

Jubel

Nyhenda fekk politikarar frå fleire parti i Kvinnherad til å jubla.

– Dette er nesten like stort som då me klypte snora og opna tunnelen. Dette nyhendet gir gåsehud, seier Synnøve Handeland (V) til Kvinnheringen.

– Ja, det kunne vore ein god aprilspøk dette, men det er det heldigvis ikkje! seier Otto Benjaminson (KrF) til same avis.

Sigbjørn Framnes (t.h) (Frp) meiner lokallaget i Kvinnherad har gjort ein god innsats for å saka på Halsnøy. Her med Terje Søviknes, som også er i Vestland Frp.
Sigbjørn Framnes (t.h) (Frp) meiner lokallaget i Kvinnherad har gjort ein god innsats for å saka på Halsnøy. Her med Terje Søviknes, som også er i Vestland Frp. Foto: PRIVAT

– Me må gje ei stor takk til regjeringspartia. At bompengestasjonen ved Halsnøytunnelen blir fjerna er ein stor gåvepakke til Kvinnherad. Dette vil ha enorm tyding for både private og næringslivet, og er svært god distriktspolitikk. No vil Kvinnherad verkeleg blomstra, seier Peder Sjo Slettebø (H) tilKvinnheringen.

God innsats

Også på Stord vert saka teke i mot med glede. Sigbjørn Framnes seier til Sunnhordland at både Kvinnherad Frp og Vestland Frp har lagt ein stor innsats i denne saka.

– Dei har peika på dei utfordringane som prisen og tunnelen har skapt for folk i kommunen. Det er spesielt at ein skal betala så masse for å flytta seg frå ein del av kommunen til ein annan, seier Framnes.

Fastlandssamband Halsnøy AS var tidlegare eit sjølvstendig aksjeselskap, men er no ein del av Ferde AS. Ifølgje siste eigarrapport frå Ferde AS står det att 112 millionar kroner i gjeld i selskapet, og gjelda skulle ha vore betalt i 2023.

Men grunna det høge talet på elbilar så såg ein føre seg ei forlenging av perioden med innkrevjing. Men dette vert no ikkje noko av grunna revidert nasjonalbudsjett.

– Dette vil skapa nye mogelegheiter for heile Sunnhordland, og gjera det enklare for vår region å reisa mot til dømes Hardanger. Og det er ikkje minst viktig for dei som bur i Kvinnherad, seier Framnes.

Endeleg framlegging av revidert nasjonalbudsjett skjer tysdag føremiddag.