Arvid Rongve håpar ein kan vera i gang med studien hausten 2020.
Arvid Rongve håpar ein kan vera i gang med studien hausten 2020. Foto: Eirik Dankel

Skal testa ny medisin mot demens

Overlege Arvid Rongve i Helse Fonna er ein internasjonalt leiande forskar innan demens. No får ein nasjonal studie han leiar 20 millionar kroner for å sjå om eksisterande medisinar kan ha effekt på demenstypen DLB.

– Dette var full klaff, seier Rongve sjølv i ei pressemelding, om søknaden som tysdag gav studien hans 20 millionar kroner.

Det erKLINBEFORSK som har tildelt midlane. I studien skal pasientar med tidleg lewybody-demens få medisinar som forskarane håpar skal visa seg å kunna betra symptom og forseinka sjukdomsutviklinga.

– Det finst i dag ingen godkjent medisin som kan dempe symptom eller kurere lewybody-demens. Dersom me ser effekt av desse medisinane, vil det kunne føre til at dei blir godkjente for bruk mot denne sjukdomen, seier Rongve.

Medisinane som pasientane skal testa i studien heiter Ambroxol og Nilvadipine, og er godkjente legemiddel for andre indikasjonar. Den eine pasientgruppa vil få placebo, altså narremedisin, den andre gruppa vil få ambroxol og den tredje gruppa vil få ambroxol og nilvadipine i kombinasjon.

– Pasientane vil få behandling i eitt år, og i denne perioden blir dei nøye overvaka med tanke på effekt og bieffekt, forklarar Rongve.

Effekten av medisinane blir vurdert ut ifrå etablerte kriterium for å måla symptom og sjukdomsutvikling. Ifølgje pressemeldinga håpar Rongve dei kan vera i gang med studien hausten 2020. Han er sjølv psykiater og har forska på demenssjukdom i ei årrekkje.

– Denne tildelinga betyr at me har nok midlar til å setta i gang studien så snart me har dei nødvendige godkjenningane på plass, seier han.

Les også: Lokal tarmdoktor får internasjonal merksemd

- Lewy body demens (DLB) er ein demenstype som gir parkinson-liknande symptom.

- Personen får ofte synsforstyrringar og hallusinasjonar.

- Ein reknar med at 10–15 prosent av dei som får demens har denne typen.

- Det finst ingen godkjent medisin som betrar eller kurerer DLB.