Politiet tok ingen sjansar, og måtte be om løyve til å væpna seg, etter fleire meldingar om skot i Sagvåg onsdag kveld.
Politiet tok ingen sjansar, og måtte be om løyve til å væpna seg, etter fleire meldingar om skot i Sagvåg onsdag kveld. Foto: Illustrasjon

Skaut med startpistol

Væpna politi rykte ut etter melding om fleire skot i sagvågsområdet onsdag kveld.

– Det var like før klokka 20.30 at det kom inn fleire meldingar om skot i eit område i nærleiken av Sagvåg. Meldingane gjorde at politiet væpna seg, fortel vaktsjef Mads Hinderaker ved Haugesund politistasjon.

Då dei kom fram viste det seg at det truleg var ein startpistol det var snakk om.

– Det står ikkje noko om kvifor han dreiv og skaut med denne, men det skal ikkje ha vore fare for personar. Det vil bli oppretta sak mot han som skaut. Det er ein mann i 20-åra, fortel Hinderaker.

Les også: Slo med sleggje og trommestikker