Utrykkingspolitiet: Onsdag hadde UP fartskontroll ved Miljøtunnelen. Og det gav resultat. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Skreiv ut bøter i hopetal på E39

Fleire køyrde for fort i laserkontroll på Stord.

Onsdag stilte UP seg opp ved Miljøtunnelen på E39, der dei hadde laserkontroll i 80-sona.

Totalt 23 førarar fekk forenkla førelegg.

– Høgste hastigheit blei målt til 98 km/t, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Ifølgje Lovdata.no må personen som blei målet til nemnde hastigheit, ut med 3.400 kroner til statskassa.