SEIER NEI: KrF, Frp og Sp legg vekk forslaget om nedlegging av Øvrebygda skule i økonomiplanen. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen Foto: Henrik Mundal Andreassen

Skrotar nedlegging av Øvrebygda skule

Fleirtalet i formannskapet stemte for KrF, Frp og Sp sitt forslag til budsjett.

I formannskapet i Fitjar onsdag la Frp, KrF og Sp fram sitt alternative budsjett. Det blei vedteke som ei tilråding til kommunestyret, med fire mot ei stemme (Høgre).

Budsjettforslaget skal no ut på offentleg ettersyn før det skal endeleg vedtakast i kommunestyret 8. desember.

Les også
Skulesjefen om Øvrebygda skule: – Det er mange kjensler i denne saka

Seier nei

I oktober la dåverande rådmann Olaug Haugen fram sitt forslag til budsjett for 2022 og økonomiplan for 2022-2025, der mellom anna nedlegging av skulen i Øvrebygda var eit sentralt punkt.

I rådmannen sitt budsjett var det foreslått å leggja ned skulen frå august 2024. I løpet av dei siste fire åra har forslag om å leggja ned både Øvrebygda og Selevik skular vore oppe til diskusjon, men heller ikkje denne gong vil politikarane gå for dette.

FORMANNSKAPET: Desse stemte over forslaget til KrF, Sp og Frp, opp mot rådmannen sitt framlegg. Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Nøgde

Partia vil heller ikkje leggja ned SFO på Øvrebygda eller på Sælevik. I tillegg vil dei droppa flyttinga av sjuande klasse ved Øvrebygda skule til Rimbareid skule.

Det er Utdanningsforbundet nøgde med.

– Me synest det ser betre ut enn det rådmannen la ut. Me unngår nedlegging av skular og flytting av sjuande klasse, men me har eit lite håp om at det blir lagt inn noko meir til skulemateriell og bibliotekbøker, seier Katrin Innvær Ankervold, hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet, til Sunnhordland.

Les også
Føreslår å leggja ned Øvrebygda skule

725.000 til vikarar

I førre veke kom nyheita om at kommuneoverlege Marius Filtvedt van Gool har sagt opp stillinga si. Kommunen har ein vikarlege klar, og Odd Jarl Kvamme har tatt på seg jobben som smittevernlege/kommuneoverlege frå same tidspunkt, 1. januar 2022.

I budsjettforslaget er det difor i 2022 sett av 550.000 til å dekkja vikarlege i fem månadar, i tillegg til 175.000 til kommuneoverlege.

Koalisjonen legg opp til at eigedomsskatten blir sett til to promille i økonomiplanen. I tillegg vil dei endra rabatten for nye hus, med halv eigedomsskatt til å gjelda dei første fem åra, i staden for dei første ti åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er vidare lagt inn pengar til postar som vedlikehald av kolerakyrkjegarden og heimeside for Visit Fitjar. Partia går elles for å redusera kontrollutvalet sitt budsjett noko meir. Det er òg lagt inn 100.000 kvart år i perioden for å oppretthalda tilskot til næringstiltak.