IKKJE TRYGG: Det kan vera freistande å ta seg ut på naturisen, men også svært farleg. Isen er førebels ikkje trygg på Stord. Her frå Storavatnet i Sagvåg for nokre vintrar sidan. Arkivfoto

Slår alarm etter at ungdomar gjekk ut på isen

Isen er ikkje trygg, seier grunneigar.

Rektor Rune Ask på Stord ungdomsskule sende måndag ei bekymringsmelding til føresette etter at ungdommar skal ha teke seg ut på isen på Tveitavatnet.

Grunneigaren skal ha teke kontakt med skulen med beskjed om at isen ikkje er trygg.

«Fint om du tar ein prat med ungdommen din om dette», skriv rektoren i ein sms til dei føresette.

Det klare, kalde vêret har ført til ishinne på fleire lokale vatn.

– Me har i dag sett ut stigar dei fleste stader folk brukar på Stord, som Ådlandsvatnet og Storavatnet. Ofte set me dei der det står bøyer, seier brannsjef Jan Ove Anthun i Stord kommune til Sunnhordland.

ISSTEGAR: Feiarlærling Børge Nesbø var måndag ute på lokale vatn og plassert stigar. Foto: Stord brann og redning

Det er fleire år sidan det lokale brannvesenet målte isen på Stord. I dag er det opp til kvar enkelt å vurdera om isen er trygg nok. Det er han ikkje no.

Det er meldt kaldt vêr fram mot helga, før me er tilbake på plussgrader igjen.

Friluftsrådet Vest sine is-råd

Sikker istjukkleik er 10-12 cm (klar stålis) på små vatn og 14-15 cm på større vatn. Lag eit hol med øks eller isbor og mål tjukkleiken på isen.

Kontroller istjukkleiken ved å hogga/bora fleire hol slik at du veit at isen er trygg på heile isflata du brukar. Sprekker i isen kan gi ein god peikepinn på kor tjukk han er, men for å vera heilt sikker bør du bora/hogga mange hol på ulike stader på vatnet.

NB! Ved elveutløp og innløp er det ofte ope vatn sjølv om isen elles er meir enn 10-15 cm.

Kjelde: Friluftsrådet Vest

Sjekk vêret lokalt på Sunnhordland.no/veret.