UROA: SLT-koordinator Anders Sætre likar ikkje utviklinga på rusbruk blant unge i Fitjar kommune. No ber han foreldre om å følgja ekstra godt med. Foto: Ingvild Siglen Berger

Slår alarm om festkultur blant unge fitjarbuar

Ber foreldre om å engasjera seg.

– Endeleg er ferien her og me kan leve utan covid-19-restriksjonar. Dette fører til at me no kan samlast og vera meir sosiale enn før. Det er positivt for alle barn og unge, skriv SLT-koordinator Anders Sætre i Fitjar kommune i ei pressemelding onsdag kveld.

Samlast i nærmiljøet

– Den siste tida har me fått opplysningar om auka rusmiddelbruk blant ungdomane, primært alkohol, men også at det kan omhandla utprøving av illegale rusmidlar, legg han til.

Sætre fortel at unge på Fitjar samlast på ulike stadar i nærmiljøet, ofte ute. Med bakgrunn i omfanget, og ønskjet om å leggja til rette for eit best mogeleg oppvekstmiljø på Fitjar, oppmodar han alle foreldre/føresette om å snakka med borna om rusmiddelbruk.

– Kvar einskild forelder har saman med ungdommen ein unik moglegheit til å påverka ungdomsmiljøet i ei positiv retning. Me veit vidare at best mogeleg dialog med borna våre aukar sannsynet for at dei kjem til oss foreldre når dei treng støtte og hjelp. Det er også ein samanheng mellom grensesetting og inntak av alkohol. Tenåringar med «kjipe» foreldre drikk mindre, skriv Sætre.

Råd til føresette

Han listar opp følgjande råd til føresette:

• Skap rom for dialog om alkohol og andre rusmidlar.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Set tydelege grenser for alkoholbruk/rusbruk og vis interesse for kva dei skal ut på. Forsking viser at i familiar med klare reglar for bruk av alkohol drikk tenåringen mindre og meir forsiktig enn jamaldringane.

• Tilby deg å køyra og henta når ungdommen din skal på fest, slik at du veit kvar han eller ho er, og kven han eller ho er saman med.

• Snakk med dei andre foreldra. Ha tett kontakt og høyr med kvarandre kva reglar som gjeld for sin ungdom

• Ver sjølve eit godt førebilete når det gjeld inntak av alkohol.