Adm.dir. Hans-Petter Nesse (t.v.) i Wärtsilä Norway får fleire tilsette under seg. Her frå besøk av SV-leiar Audun Lysbakken i siste veke. Jane Jünger i midten.
Adm.dir. Hans-Petter Nesse (t.v.) i Wärtsilä Norway får fleire tilsette under seg. Her frå besøk av SV-leiar Audun Lysbakken i siste veke. Jane Jünger i midten. Foto: Ingvild Siglen Berger

Slår saman alle Wärtsilä sine selskap i Norge

Vil ha eit stort og handlekraftig selskap.

Det finske industrikonsernet Wärtsilä forenklar organisasjonsstrukturen og slår saman dei fem ulike Wärtsilä-selskapa i Norge. Først ut er Wärtsilä Ship Design som blir del av Wärtsilä Norway i løpet av hausten. Det melder konsernet onsdag.

«Wärtsilä-konsernet sin globale strategi er å ha ei juridisk eining i dei ulike landa selskapet er representert. Det er derfor sett i gang ein prosess i Norge for å forenkla den juridiske strukturen og slå saman dei fem selskapa, Wärtsilä Norway (Bømlo/Stord), Wärtsilä Ship Design (Stord), Wärtsilä Gas Solutions (Asker), Wärtsilä Moss (Moss) og Wärtsilä Valmarine (Drammen), til eitt selskap i løpet av det kommande året», står det i meldinga.

Dei fem selskapa kjem til å bli samla i Wärtsilä Norway AS, som framleis vil ha hovudkontor på Rubbestadneset.

– Me ønskjer å slå saman våre fem selskap, som har lange røter og ein stolt tradisjon i Norge, til eit stort og handlekraftig selskap. Vår hovudmålsetjing er å forenkla og samkøyra våre administrative aktivitetar, all annan forretningsmessig aktivitet vil halda fram som før, seier Hans-Petter Nesse, administrerande direktør i Wärtsilä Norway, i ei pressemelding.

Nesse held fram som administrerande direktør for Wärtsilä Norway, som vil ha rundt tusen tilsette etter at fusjonen er ferdig våren 2020. Ingen av dei tilsette i selskapet vil måtte endra lokalisering som resultat av samanslåinga, melder konsernet.

Les også: Audun Lysbakken lèt seg imponera av den grøne satsinga i Sunnhordland

Planen er å starta med å fusjonera inn Wärtsilä Ship Design i oktober, og halda fram prosessen med Wärtsilä Gas Solutions, Wärtsilä Moss og Wärtsilä Valmarine i løpet av første halvdel av 2020.

– Eg trur dette er ei svært positiv utvikling for oss og er sikker på at me vil få store mogelegheiter til å utvikla oss vidare som ei integrert eining i ein større organisasjon, seier Ove Wilhelmsen, administrerande direktør for Wärtsilä Ship Design, i pressemeldinga.

Historien til Wärtsilä i Norge starta ved overtakinga av Wichmann motorfabrikk på Rubbestadneset i 1986. Selskapet har etter det etablert seg vidare i Norge ved oppkjøp av det Stord-baserte selskapet Aker Kværner Power and Automation Systems (AKPAS) i 2006, skipsdesignselskapet Vik-Sandvik As i 2008 på Fitjar, engineringsselskapet Hamworthy i 2011 i Asker og Moss, og ved oppkjøpet av L-3 Marine Systems International, blei L-3 Communications Valmarine AS i Drammen ein del av Wärtsilä i Norge i 2015.

Wärtsilä gjorde ei liknande samanslåing av selskap i Norge i 2008, då Wärtsilä Propulsion og AKPAS blei fusjonert inn i Wärtsilä Norway.

Les også: Wärtsilä gjer hybrid av nederlandsk skip