annonse

Slik blir 17. mai-feiringa på Stord og Fitjar

17. mai
17. mai: Frå borgartoget på Leirvik i fjor. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)
17. mai
17. mai: 17. mai-feiringa blei våt på Fitjar i 2015. I år blir det strålande fint. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)
17. mai
17. mai: Tradisjonen tru endar borgartoget i Vidsteensparken, som i 2014. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Tradisjonsrike arrangement på rad og rekkje i sentrum og grendene.

Fellesarrangement Leirvik

07.00: Flaggheising ved støtta av Bård Haugland. Stord Musikklag, Leirvik Mannskor og Speidarane deltek. Tale og nedlegging av krans på Bård Haugland og minnemerket for Austri ved Geir Angeltveit. Morgontoget går gjennom Leirvik til Døso. Leirvik Mannskor, Stord Musikklag og 1. Leirvik Speidargruppe går vidare til sjukehuset der SM og LM spelar og syng. Leirvik Mannskor syng også den 16. mai på Stord sjukeheim, Knutsaåsen og Rehabsenteret.

10.45: Tale og nedlegging av krans til minne om dei falne, ved Stord kyrkje av Per Jan Ingebrigtsen

11.00: Gudsteneste i Stord kyrkje ved prostiprest Egil Larsen.

13.00: Gratis film i kulturhuset – «Dyrene i Hakkebakkeskogene».

15.00: Borgartoget stiller på Torget. Kvart lag stiller under sine faner/merker. Gjester frå Stords vennskapskommune San Juan Comalapa.

15.30: Toget startar. NB! Ingen kjøretøy opp i Parken.

16.00: Folkemøte i Parken. Talar for dagen er Kværner-direktør Steinar Røgenes. Stord Musikklag spelar, og Leirvik Mannskor syng. Talen i Parken vert avslutta med «Ja, vi elsker».

17.00: Nasjonalfest i Frelsesarmeen. Fint program og god servering.

17.30: 17. mai-fest for heile familien i Leirvik bedehus. Lovsangbrødrene syng. Bevertning, kollekt. Alle er hjarteleg velkommen.

17.30: Matiné i Stord kulturhus, med ulike aktørar. Billettpris: Vaksne kr. 200,-. Born/ungdom under 15 år gratis

17. mai
17. mai: Tradisjonen tru endar borgartoget i Vidsteensparken, som i 2014. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Leirvik skule

10.45: Borna møter på skuleplassen

11.00: Opning av dagen ved 7. trinn

11.15: Barnetoget går frå skuleplassen. Rute: Vikabrekko – Osen - Nattrutekaien – Kaisvingen – Borggata – Torget – Sæ – Vikabrekko – skuleplassen.

11.15: Kafeen på skulen opnar.

12.15: Framsyningar av elevar ved skulen. Etter framsyningane vert det leikar for store og små. Sal av is, pølser, brus, kaffi og kaker...

14.00: Arrangementet er slutt.

Hystad skule

08.00: Flaggheising

09.30: Elevane møter på skulen og stiller opp på idrettsbanen. Appell v/elevar i 7. klasse. Stord skulekorps spelar.

10.10: Avgang med marsj ned til Stord sjukehus, ned Sjukehusvegen og ut Hystadvegen til kyrkja.

10.45: Tale med nedlegging av krans ved minnestøtta over dei falne.

11.00: Gudsteneste i Stord kyrkje.

11.30: Leikar for barn på idrettsbanen. Vinnarane av det beste innslaget i 17. mai-toget vert kunngjort.

12.00: Kafeteria i gymnastikksalen og pølsesal ute v/Stord skulekorps sitt støttelag. Det vert sal av is, brus, kaffi og rømmegraut v/ 17. mai-komitéen. Kaféen opnar kl. 10.30. NB! Hugs mynt!

13.00: Arrangementet sluttar.

Foreldrekontaktane stiller opp klassane på idrettsbanen og føl dei i toget til kyrkja. Foreldrekontaktane har ansvar for at faner, flagg og plakatar vert samla inn og plasserte i ein bil som står parkert utanfor kyrkjegardsporten. NB! Foreldra har ansvar for barnet sitt når 17. mai-toget kjem til kyrkja.

Huglo

10.30: Flaggheising.

11.00: Gudsteneste:

- 17. mai-tog

- Korpset spelar

- Ord for dagen v/ Ellen Nortveit

17. maifest i skulen:

- Matøkt (ta med mat og drikke sjølv)

- Leikar for små og store

- Sal av is, kaker og kaffe

- Fest i Bedehuset kl. 18.00

Langeland skule

08.00: Flaggheising.

09.30: Frammøte ved skulen. Elevane stiller opp. Me syng nasjonalsangen vår. Appell for dagen ved elevar frå 7.-trinn. Toget i år går frå skulen via Eldøyvegen, Lauvdalen, Verftsvegen og attende til skulen. Kiosksal og buffé opnar etter at toget er gått.

Tale for dagen ved Jakob Bjelland.

Elevinnslag.

Konsert ved Langeland skulekorps.

Etter konserten vert det leikar og filmframsyning.

13.00: Program ved skulen slutt.

Neste års 1. trinn inviteres med i toget under eiga fane (bak vaksenkorpset). Me oppmodar om å ikkje parkera bilane langs vegen der toget skal gå. Parkeringsplassane ved skulen er atterhalde rørslehemma. Me ber dykk parkera på Heiane eller Vabakkjen. Betaling med vipps eller kontant.

17.30: 17. maifest i Horneland bedehus. Tale ved Ingebrigt Sørfonn.

Rommetveit Skule

08.00: Flaggheising på Rommetveit skule. Korpset spelar under flaggheisinga

10.00: Gudsteneste i Aulaen. Fredsdikt av elevar i 5. klasse. Rommetveit skulekorps spelar. Nordbygdo 17. mai-kor og 5. klasse syng.

10.45: Barnetoget stiller opp i Borggarden etter oppsett plan. Nordbygdo 17. mai-kor stiller opp i trappa.

10.55: Nordbygdo 17. mai-kor syng «Gud signe Norges land» og «Herlege Stordøy».

Appell ved ordførar Gaute Epland

Alle syng to vers av «Ja, vi elsker». 3 x 3 H U R R A !

11.10: Toget går. Ruta er den vanlege forbi Samhald og over Krokane.

11.55: Toget tilbake ved skulen.

12.00: Leikar på skuleplassen. Kafé i gymsalen. Sal av pølser, brus og is frå salsboder ute på skuleplassen.

13.30: Arrangementet på skulen er ferdig.

Felles barnetog 17. mai i Litlabø- og Sagvågsbygda

Toget går frå Sagvåg sentrum (Kiwi), via Buneset og forbi gamle Sagvåg skule.

Flaggborga vert boren av 7. klassen på Tjødnalio skule. Toget endar opp ved kyrkja, der me får dagens tale, halde av Neeta Sankhokar

08.30: Frukost med andakt i Nysæter kyrkje

09.45: Toget stiller opp.

10.00: Toget går frå Sagvåg sentrum, via Buneset eldrebustader og forbi gamle Sagvåg skule.

11.00: Toget stoppar ved kyrkja, korpset spelar «Ja, vi elsker» og dagens tale v/minnestøtta. Krans vert lagt ned på minnestøtta.

11.45: Arrangement ved skulane startar.

Tidsmessig går det bra med fellestog for så å tilslutta seg tradisjonelle arrangement på dei tre skulane. Me oppmodar alle om ikkje å gå til skulane før dagens tale er ferdig.

Litlabø skule

11.30: Kafeen opnar. Leikane startar. Loddsal.

13.00: Underhaldning i gymsalen. Loddtrekning i gymsalen

14.00: Slutt

Sagvåg skule

11.30: Arrangementet startar. Velkommen og helsing i gymsalen. Kaffeen opnar. Leikane starter.

12.00: Elevinnslag: Appel v/Ingvild og Lea frå 7. klasse. Kunngjering beste klasse i toget.

12.45: Vinnarane av dei ulike konkurransane vert kunngjort.

13.00: Leikane sluttar. Arrangementet ved skulen sluttar. Vel heim, og takk for i dag!

Tjødnalio skule

11.30: Arrangementet ved skulen startar. Kafeane opnar.

12.00: Fanfare.

Appell ved 7. klasse.

Nasjonalsong – song og korps

Kunngjering av beste innslag i toget

Leikane startar

14.00: Arrangementet ved skulen sluttar. Rydding.

17. mai
17. mai: 17. mai-feiringa blei våt på Fitjar i 2015. I år blir det strålande fint. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Fitjar sentrum

08.00: Flaggheising ved Rådhuset. Fitjar Skulekorps spelar.

09.30: Samling ved Fitjar kultur- og idrettsbygg.

09.50: Appell ved elevar frå Rimbareid skule. Allsong: «Fagert er landet»

10.00: Barnetoget går frå Fitjar kultur- og idrettsbygg til kyrkja via helsekvarteret, Rema 1000 og Stølsvegen.

10.00: Kafé i Fitjartun (til 14.00).

10.30: Kafé i Fitjar kultur- og idrettsbygg (til 14.00).

11.00: Familiegudsteneste i Fitjar kyrkje ved sokneprest Roald Drønen. Osternes Mannskor og Fitjar Skulekorps deltek. Etter gudstenesta vert det kransenedlegging ved minnestøtta for dei som fall under krigen, ved ordførar Wenche Tislevoll. «Ja, vi elsker», Fitjar Skulekorps spelar.

13.00: Samling i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Appell. Tale for dagen ved Bjørn Haaland. Song ved Osternes Mannskor. Bilete frå Fitjar (John Arvid Skumsnes). Opplesing ved Herman Inge Aadland. Idrettshallen for borna under talen.

15.00: Andelaup i Fitjarelva.

17.00: Fest i Fitjar bedehus.

18.00: Gratis kino i Fitjar kultur- og idrettsbygg. «Pokémon: Detective Pikachu», gratis is og popcorn.

NB! Parkering forbudt ved Fitjar kultur- og idrettswbygg fram til kl. 11.00

Rimbareid

12.00: FAU v/6. klasse opnar kafé i gymsalen på Rimbareid skule.

13.00: Leikar for born på skuleplassen.

Øvrebygda

13.00: Sal av betasuppe, pølse i brød, kaffi og kaker i gymsalen.

15.00: Program i gymsalen ved elevar.

15.30: Leikar for born og vaksne. Kiosksal. Avsluttast kl. 17.00.

19.00: Fest i Øvrebygda bedehus.

Selevik

14.00: Opning, v/leiar i 17.mai-komiteen. Song og prolog ved elevar ved skulen.

14.15: Kafeen opnar med sal av mellom anna rømmegraut og spekemat, leikar for små og store. Sal av lodd.

16.15: Loddtrekking og utdeling av premiar.

16.30: Bingo.

Hageberg

15.30: Leikar for dei minste (til kl. 16.00).

15.30: Ulike aktivitetar for små og store. Sal av kaffi og kaker, pølser, is, brus m.m. (til kl. 17.15) .

17.30: Fellessamling.

Osternes

15.30: 17. mai-feiring med leikar for born.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut