Slik blir Storapride
Det ligg an til å bli ein folkefest i Leirvik sentrum laurdag.
Klokka 13.00 melder arrangørane at oppstillinga til paraden byrjar. I timen før blir det sal av Pride-effektar i sentrum.
Ei rekkje organisasjonar og idrettslag har alt meldt at dei stiller.
Les også: Ordføraren går først
Klokka 13.45 byrjar appellane, det blir også musikk før paraden går frå torget rundt klokka 14.00.
Storapride-leiar Anna Sofie E. Valvatne, leiar i utdanningsforbundet Stord Tor Jæger Koppang og forfattar og aktivist Kim Friele held appellane. Stord-bandet Goldlog spelar musikk.
Les også:Difor heiser ho ikkje regnbogeflagget
Ankar du på vêret? I skrivande stund ser det ut til å bli godvêr mellom klokka 12.00-15.00. Byevêret som skal prega resten av dagen, og helga, stoppar opp ifølgje yr.no.
I kveld blir det dragshow med den oslobaserte drag-gruppa Princessilicious på Arena.
Også søndag er det mogeleg å støtta seg til arrangementet. Då blir filmen PRIDE vist gratis i kulturhuset.
Les også: Sju gode grunna til å delta på Pride