KJEM FINVÊRET?: I pinsen går mellom anna Handballfestivalen av stabelen, med innrykk av fleire tusen personar til Stord. Bra vêr står truleg på ønskjelista til fleire. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Slik blir vêret i pinsehelga

Frå grått til flott.

Ifølgje vakthavande meteorolog Dina Stabell ved Vêrvarslinga på Vestlandet, vil gråvêret i Sunnhordland halda fram heile torsdagen og litt utover morgondagen.

– Fredag vil det framleis vera ganske grått og periodar med regn eller yr, pluss lokal tåke. Men utover ettermiddagen og kvelden vil skydekket letta litt, fortel ho.

Glimt av sol

Vinden blir lik som torsdag, med nordvestleg bris og periodevis frisk bris på kysten. Også temperaturen held seg lik både torsdag, fredag og laurdag, med opp mot 12 grader på det varmaste.

– Laurdag vil det vera delvis skya opphaldsvêr, der ein kan få glimt av sol innimellom. Framleis kjem vinden frå nordvest, på det meste oppe i frisk bris langs kysten, seier meteorologen.

Les også
Klar for ny handballfest igjen etter to års stillheit: – Glad for at dugnadsånda framleis står så sterkt

Den finaste dagen

Tidleg søndag er det mogelegheit for enkelte regnbyer, men stort sett blir det lettskya opphaldsvêr denne dagen.

– Det ser ut som det blir ganske fint utover ettermiddagen, med periodar med sol. Temperaturen er litt høgare på søndag, opp mot 14 grader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andre pinsedag ser førebels ut til å bli den finaste dagen i pinsen. Då blir det opphaldsvêr, og periodar med sol særleg den første delen av dagen.

– Det blir kanskje litt meir skya utover dagen. Me får 18-19 grader på det varmaste, så det blir litt meir sommarleg då, seier Stabell.

Sjekk vêret i Sunnhordland her!