Trippelvaksinerte slepp å ta bekreftande PCR-test viss dei testar positivt på hurtigtest. Foto: Jil Yngland / NTB / NPK

Slik er dei nye reglane for koronatesting

Trippelvaksinerte med positiv sjølvtest slepp å ta PCR-test etter at regjeringa førre veke gjekk inn for å endra reglane. Men mange bør framleis testa seg.

Søndag sende Helsedirektoratet eit brev til alle kommunane i landet der dei informerte om dei nye reglane for koronatesting. Det kjem etter at helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) fredag kveld offentleggjorde regelendringane.

Dei nye reglane inneber at personar som har fått oppfriskingsdose av koronavaksinane og testar positivt på sjølvtest, ikkje lenger treng å ta ein bekreftande PCR-test. Desse blir i staden oppmoda til å registrera resultatet på nettsidene til kommunane.

– Ein person med ein positiv sjølvtest blir rekna som eit sikkert positivt tilfelle, skriv Helsedirektoratet i brevet til kommunane.

Heller ikkje personar som har fått to vaksinedosar, og som i løpet av dei siste tre månadene har vore koronasmitta, treng å ta PCR-test ved positiv hurtigtest.

Les også
31 nye koronasmitta

Andre grupper bør likevel framleis få mogelegheita til å testa seg, skriv Helsedirektoratet på nettsidene sine:

* Personar som ikkje har fått oppfriskingsdose, kan framleis ta ein bekreftande test på kommunal teststasjon viss dei har behov for det til koronasertifikat eller av omsyn til vidare vaksinasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Alle barn mellom 0 og 16 år som testar positivt på sjølvtest, bør få tilbod om bekreftande test.

* Personar som søkjer helsehjelp på grunn av covid-symptom, bør få tilbod om ei bekreftande prøve med PCR-analyse viss det har betydning for diagnostikk og behandling.

(©NPK)