I «Stordpodden»: Øystein Vik (oppe f.v.), Tor Helge Valvatne, Malene Grov Almås, Hedda Pedersen, Odd Gunnar Vik (nede t.v.) og Nina Lovise Langeland er alle med i dagens episode. Foto: Kjetil Fyllingen

Slik påverkar koronakrisa handelen på Stord

«Stordpodden» tok mikrofonen med ut i butikkane.

I episoden av «Stordpodden» denne veka vil programleiar Kjetil Fyllingen finna ut korleis koronakrisa påverkar handelsstanden på Stord. Han har vore i eit utval butikkar og høyrt korleis det går og kva dei har gjort for å møta endringane i folk sine handle mønster.

Nina Lovise Langeland i Galleri Giga sel kunst på Instagram. Odd Gunnar Larsen hos Sport 1 har aldri seld så mange kompass som no. Øystein Vik hos Kiwi i Sagvåg kan melda om auka omsetnad. Hedda Pedersen og Malene Grov Almås på Noble har flotte sommarklede klare til trufaste kundar. Tor Helge Valvatne fortel om korleis Valvatne-gruppa møter utfordringar i byggebransjen.

Høyr episoden her:

Eller klikk deg inn på denne lenka.