Slik skal russen samla inn pengar til kreftsaka
Ingen bøsser.
Russen skal også i år arrangera krafttak mot kreft-aksjon, men i år blir det ein annleis aksjon enn vanleg, heiter det i ei pressemelding frå Stord-russen.
– Grunna smittesituasjonen i landet får me ikkje gå frå dør til dør med bøsse. I staden blir det ein digital aksjon. Det er planlagt deling av digital innsamling på sosiale media, utfordringar og plakataksjon, skriv aksjonssjef Hannah Hillersøy Resser.
Plakataksjonen blir tysdag 9. mars, og aksjonsdatoen er søndag 14. mars.
– Krafttak mot kreft er ein viktig aksjon for russen, og me håpar å få spreidd ordet om årets digitale aksjon, slik at me får samla inn mest mogleg pengar til ein utruleg viktig sak, seier Resser.