KRISELEIING: Stord kommune har hatt mange møte dei siste dagane. Torsdag ettermiddag var det nye møte for korleis dei skal handtera dei siste retningslinjene frå regjeringa. Frå venstre: Mariann Jacobsen Hilt, Lars Helge Sørheim, Knut Gram, Magnus Mjør og Gaute Epland. Foto: Olav Røli

Slik skal Stord kommune handtera tiltaka

Har møte med barnehagar og skular torsdag ettermiddag.

Torsdag ettermiddag kom regjeringa med sin kriseplan for å avgrensa smitten av korona-virus, og mellom anna vert både barnehagar og skular. Dei einaste som får barnehageplass er personar som har samfunnskritiske funksjonar, når dei må på jobb.

Les også
Sjå lista over regjeringa sine drastiske korona-tiltak her

Kven treng plass

Heile torsdagen var kriseleiinga i Stord kommune samla for å drøfta tiltak i samband med korona-viruset. Dei hadde hatt ein grundig gjennomgang av tiltak torsdag formiddag, men då regjeringa kom med nye tiltak måtte dei gjera om på planane.

Noko av det første dei skal gjera er å kartleggja kven som har desse funksjonane og som difor treng barnehageplass.

– Me har sett i gang ei undersøking, der me sjekkar ut både sjukehus og helseinstitusjonar, og identifiserer kven som er kritisk personell som treng barnehageplass for å gå på jobb. Denne undersøkinga held fram, og me reknar med å ha ein plan på dette i løpet av torsdag kveld, seier kommunalsjef Knut Gram til Sunnhordland.

Les også
Fitjar med korona-restriksjonar

Krav på undervisning

Klokka 16 skulle alle barnehagestyrarane i kommunen i møte med leiinga for å leggja ein plan for korleis dette skulle følgjast opp. Dette for å sikra at ein ikkje står utan barnehageplass til dei som absolutt treng det mest fredag morgon.

Alle skular er også stengde, og kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt seier dei skal ha møte med rektorane for å finna ut av situasjonen.

– Elevane har i utgangspunktet rett på undervisning, men me må sjå på korleis me skal løysa dette i praksis. Dette vil ta litt tid, men me reknar med å ha ei skisse til løysing i løpet av denne dagen, seier Hilt.

Les også
Alle treningssentera må stenga: – Kan få fatale konsekvensar

Ingen av barne- eller ungdomsskulane har, ifølgje Hilt, gode digitale løysingar per no for undervisning, slik dei vidaregåande skulane har.

– Dei større elevane har datamaskinar, så me kan nok finna løysingar. Uansett er dette noko me skal leggja ein plan om saman med rektorane, seier Hilt.

Måndag er det planleggingsdag for alle skulane i Stord kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterlyste tiltak

Ordførar Gaute Epland i Stord kommune er glad for at regjeringa kom med felles nasjonale retningslinjer, sidan det har vore praktisert ulikt frå kommune til kommune.

– Det er positivt at regjeringa går ut med så tydelege tiltak, sjølv om dei er drastiske. Dette sikrar lik praksis i kommunane rundt om kring, seier Epland.

Kommuneoverlege Lars Helge Sørheim seier til Sunnhordland at det ikkje kom nye råd til drifta av helsetenester. Og at dei førebels held fram i same spor som dei har gjort. Siste status i Stord kommune er 15 prøvar. Ingen er så langt positive.

– Me har eit 30-tals personar i heimekarantene per i dag, seier Sørheim.

Endrar ikkje sjukdommen

Den siste veka har han hatt mange meldingar om arrangement.

– Men alle arrangørane har, utan unnatak, forstått at dei må vurdera situasjonen, og at dei har vore førebudd på å avlysa, seier han.

Sørheim understrekar at dette framleis er ein mild sjukdom, og at dette ikkje er endra med dei siste tiltaka.

Les også
Utestadane tek restriksjonane på alvor og avlyser