OPNING: Statsminister Erna Solberg (H) var onsdag i Stortinget for å gjera greie for korleis regjeringa vil opna samfunnet. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Slik vil Solberg opna samfunnet

Har sett opp fire trinn for opninga av samfunnet.

Statsminister Erna Solberg (H) la onsdag formiddag fram regjeringa sin plan for gradvis gjenopning av samfunnet.

Opninga blir ikkje planlagt rundt konkrete datoar, men tydeleggjer kva føresetnader som må vera til stades for å kunne opna opp.

Planen seier òg i kva rekkefølgje ein skal opna opp dei ulike delane av samfunnet. Barn og unge skal prioriterast først, deretter arbeidsplassar og næringsliv.

Les også
Regjeringa vurderer å utvida innreiseordninga for arbeidsreisande ytterlegare

Reversera tiltaka

Det første trinnet vil vera å reversera alle eller delar av dei strenge nasjonale tiltaka som blei innført før påske. Slik det ser ut no vil det tidlegast vera mogeleg å starta på det andre trinnet i siste halvdel av mai.

Gjenopningsplanen blir ikkje planlagd etter konkrete datoar. Før det blir aktuelt å gå frå eitt trinn til et anna, vil det bli gjort vurderingar basert på tre sjekkpunkt; smittesituasjon og sykdomsbyrde, kapasitet i helsetenesta, og vaksinasjon.

– For kvart trinn i gjenopninga, må me følgja situasjonen nøye. Om tal på smitta og tal på sjuke ikkje går opp, kan me gå vidare til neste trinn etter tre veker. Om tal på smitta og sjuke aukar, må me venta eller stramma inn igjen. Med andre ord er det data og ikkje datoar som vil styra, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Gjenopningsplanen er basert på ei anbefaling frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Les også
Regjeringa innfører massetesting i skulane

Trinn 1:

Lette på tiltak som blei innført før påske. Det vil blant anna seia å vurdera:

Inntil fem gjester i private heimar.

Arrangement som berre samlar personar frå éin kommune kan gjennomførast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skjenking til klokka 22, med krav om matservering.

Avstandsanbefalinga blir endra tilbake til éin meter.

Inntil 100 personar på arrangement innandørs, som kultur- og idrettsarrangement, konferansar og gudstenester, der alle sit på faste tilviste plassar.

Inntil 200 personar på arrangement utandørs, men 200 personar gonger tre kohortar om publikum sit i faste tilviste plassar

Trinn 2:

Det blir opna for:

Auka fysisk undervisning på universitet, høgskular og fagskular.

For besøk i private heimar opnar me forsiktig frå fem til ti gjester, fordi me veit at mykje av smittespreiinga nettopp har skjedd i slike samanhengar.

For private arrangement i leigde lokale vil det blir opna for inntil 20 personar

Skjenkjetida blir utvida til klokka 24.00 og kravet om matservering fjerna.

Arrangement kan gjennomførast med 200 personar innandørs der alle sit på faste tilviste plassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Barn og unge vil kunne delta på arrangement og organisert trening innanfor kommunen. Innandørs vil det vera ei antalsavgrensing på 100.

For vaksne i breiddeidretten blir det opna gradvis for organisert trening både ute og inne i grupper på inntil 20 personar. Helsemyndigheitene vil innan midten av april foreslå ein modell for gjenopning av breiddeidretten.

Reiser innanlands kan gjennomførast.

Rådet om å unngå reiser til utlandet blir halde oppe, med mindre reisa er strengt nødvendig. Det vil framleis vera strenge krav om karantene og testing for dei som kjem inn i landet.

Det vil komma letter for familiebesøk frå utlandet, både frå EØS-området og tredjeland. Me vil blant anna vurdera opning for innreise for kjærastar og besteforeldre.

Det vil også komma letter for prioriterte grupper med arbeidsreisande frå utlandet.

Trinn 3:

Her vil det kunna lempast ytterlegare på restriksjonar både i det private og det offentlege rom.

Det blir opna for at ein kan ha 20 gjester heime 50 personar skal kunna møtast på private arrangement i leigde lokale.

For offentlege arrangement vil det bli gjort eigne vurderingar som blir knytt opp mot eventuell bruk av hurtigtestar og koronasertifikat.

Det blir normale skjenkjetider, men det vil framleis vera krav om registrering og god avstand mellom gjester.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me vil framleis ønskja at flest mogeleg jobbar på heimekontor.

I breiddeidretten for vaksne vil det bli vurdert å opna gradvis for seriespel og andre konkurransar.

Toppidrettsutøvarar kan no driva tilnærma normal idrettsaktivitet.

Me vil også opna for meir utanlandsreiser, men med framleis krav til karantene og testing. Desse krava kan likevel bli endra frå i dag. Også for reiser utanlands vil me vurdera korleis koronasertifikata kan brukast.

Det vil også bli opna for meir normal arbeidsinnvandring.

Trinn 4:

Mykje vil kunna vera tilnærma som normalt, men det vil framleis vera krav til smitteverntiltak, avstand og at ein er heime når ein er sjuk eller i karantene. Det kan framleis vera behov for noko heimekontor.

Det vil framleis vera antalsbegrensingar knytt til store offentlege arrangement og breiddeidrett- og fritidsaktivitetar, men det må vurderast løpande. Det kan framleis vera aktuelt med innreiserestriksjonar, særleg for reisande frå tredjeland. Ein må rekna med at det kan vera krav om karantene og test for reisande frå enkelte område. Også reglane som gjeld for innreise, må løpande vurderast.

Les også
Regjeringa vurderer å utvida innreiseordninga for arbeidsreisande ytterlegare