KORONA: To personar er smitta av koronaviruset i Fitjar. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Smittetilfella i Fitjar har samanheng

To personar er smitta av koronavirus i Fitjar kommune. Det andre tilfellet heng saman med det første, opplyser Fitjar-rådmannen.

Måndag vart koronavirus-smitta nummer to påvist i Fitjar. Rådmann Olaug Haugen opplyser til Sunnhordland at det andre smittetilfellet har samanheng med det første.

– Det er for så vidt positivt, fordi det gjer at me har betre oversikt av situasjonen, seier Haugen.

Les også
Nytt smittetilfelle i Fitjar

Ho fortel at kommunen er svært opptekne av korleis situasjonen utviklar seg i eigne tenester.

– Også når det gjeld Fitjar Mekaniske Verksted og mottak av arbeidarar der. Me har nokre problemstillingar me jobbar med. Men generelt går det godt i tenestene våre, og her er høg grad av smittevern, seier rådmannen.

Tysdag skreiv Stord24 at FMV planlegg å ta imot utanlandske arbeidarar i næraste framtid. Haugen opplyser at kommunen har hatt synfaring på FMV sin rigg i Årskog tysdag, og møte med representantar for selskapet.

Les også
Fitjarstølane barnehage er tømt for ungar. Likevel finn dei ein måte å vera saman på

– Der gjekk me gjennom smittevern-opplegget som dei har planlagt, og som kommunen ventar skal vera på plass rundt eit slikt mottak av folk. Det var eit konstruktivt møte, seier rådmannen.

Ho seier det framleis er noko usikkert om, og eventuelt kva tid, arbeidarane kjem.

– Det veit me ikkje enno. Det kan vera aktuelt onsdag ettermiddag, men me ser at tidspunkt ofte vert skyvd fram i tid. Difor kan me ikkje seia noko sikkert, fortel Haugen.