Regjeringa sin pressekonferanse for barn: Frå venstre er kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby, statsminister Erna Solberg og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad. Foto: Eirin Larsen, SMK

Snakka til barna: – Det er lov å bli litt redd

Mange barn har spørsmål om korona-viruset, og måndag kom det svar frå statsministeren sjølv.

Statsminister Erna Solberg (H), barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) svarte på spørsmål då regjeringa hadde pressekonferanse for barn.

– Det er og har vore nokre veldig spesielle dagar. Skular og barnehagar er stengt, all idrett og alle fritidsaktivitetar er avlyst, og alle som kjem heim frå utlandet må vera i karantene når dei kjem heim, sa statsministeren.

Ho peika på at det på grunn av koronaviruset har blitt ein veldig spesiell kvardag for både store og små.

– Eg veit at mange barn føler at dette er skummelt. Det forstår eg godt. Det er faktisk lov å bli litt redd når det skjer så mange store ting på ein gang. Det er lov å vera litt redd for å bli smitta av koronaviruset, men for dei aller aller fleste av oss er koronaviruset ufarleg, seier Solberg.

Mange spørsmål

Før pressekonferansen hadde barn og unge over heile Norge sendt inn spørsmål i høve koronavirus-situasjonen, om alt frå sommarferie til skulestenging, bursdagsfeiring og vaksine. Fleire ville ha svar på om skulane kjem til å vera stengt lenger enn 14 dagar.

– Diverre kan eg ikkje gje eit heilt klart svar på det, for me veit ikkje endå. I første omgang er dei stengt i to veker, men det kan bli lengre, svara Melby.

Les også
Begge står utan inntekt, og i magen veks ein baby

Ein sjuåring undra om viruset kan spreia seg til dyr.

– Me veit ikkje alt om dette viruset endå. Det er mykje me kjem til å læra etter kvart som det utviklar seg, men me trur ikkje at det smittar til dyr, svara statsministeren.

17. mai og vaksine

Potensiell avlysing av nasjonaldagen blei også tema.

– Eg skjønnar veldig godt at nokon er bekymra for det, for 17. mai er både viktig og gøy. Det kjem litt an på kor lenge me er nøydde til å vera forsiktige med å vera saman med mange andre menneske, for det er jo det me gjer når me plar feira 17. mai og gå i tog. Eg håpar uansett me får til ei markering av nasjonaldagen, sjølv om det kanskje blir annleis enn det pleier, sa Melby.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Folk som er forkjølt må halda seg heime

Statsministeren måtte svara på om dei veit kor lang tid det kan ta å laga ei vaksine mot viruset.

– Me veit ikkje kor lang tid det tar. Det er førebels ingen vaksine, men det er altså nokon som meiner dei har mogelegheit til å prøva ut nokre vaksinar. Difor har me vore med på å gje pengar til utprøving av vaksinar og til å laga vaksinar, sa Solberg.

Bursdag og sommarferie

«Kvifor får eg ikkje lov å feira bursdagen min i helga?» og «kan eg feira bursdagen min med to venner?» var også mellom spørsmåla.

– Det er fordi ein ikkje skal vera så mange samla, nettopp fordi ein vil prøva å avgrensa smitten. Du kan i prinsippet feira med den eine vennen du held kontakt med gjennom denne perioden, eller du kan vera litt ekstra kreativ. Prøva å feira over Facetime eller finna på andre ting som du synest er ein god måte å feira på, eller berre utsetja det, sa Ropstad.

Les også
Melby lovar avklaring om eksamen

– Blir sommarferien kortare på grunn av covid-19? spurde eit barn.

– Nei, sommarferie blir det uansett. Men det kan jo henda innhaldet i sommarferien vert litt annleis enn det ein har planlagt, fordi ein ikkje kan reisa alle stadene ein plar reisa. Eg vil også gjerne seia at dei som går ut av ungdomsskulen, som kanskje er redde for at dei ikkje får eksamen og vitnemål, det kjem til å gå bra. Dykk skal få vitnemål alle saman, svara Melby.

Moro å læra

Spørsmål om statsministeren er redd for å bli sjuk, kven ein kan leika med, kva som skjer om alle i verda får koronaviruset og om det er vits i å hamstra mat, vart også stilt.

– Det må dei slutta med. Det er ingen grunn til å vera redd for at det ikkje skal vera nok mat, sa Ropstad.

Les også
Rektor: – Mykje av den gode pedagogikken kjem til å forsvinna

Statsministeren avslutta med å seia at ho håpar alle har det bra.

– Minner om at sjølv om ein ikkje er på skulen, så betyr ikkje det at ein ikkje skal læra ting. Lærarane dykkars gjer ein kjempejobb med å laga gode undervisningsopplegg, ting å jobba med. Så berre fortset å gjera det, for det er faktisk litt gøy å læra også.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pressekonferansen vart arrangert av regjeringa i samarbeid med NRK Supernytt og Aftenposten Jr.

Du kan sjå heile pressekonferansen her.