Etter klokka 17 får me vita kva personar som skal sitja i fleire kommunestyre i Sunnhordland.
Etter klokka 17 får me vita kva personar som skal sitja i fleire kommunestyre i Sunnhordland. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Snart er representantane i Stord og Fitjar klare

Kva representantar som kjem inn i kommunestyret i Stord og Fitjar blir klart etter klokka 17 i dag.

Då er det siste frist for seint innkomne røyster, forklarar Marit Åkra som er øvste leiar for valet i Stord, til Sunnhordland.

I og med at det er høve til å føra opp kandidatar frå andre lister og for å gje ekstrarøyster, så er det ein del ting som kan skje. KrF på Stord hadde til dømes kumulert tre kandidatar, menfekk berre inn to representantar. Kven dei to blir, blir då avgjort av slengjarar og personrøyster.Tilsvarande er situasjonen i SV, der fire kandidatar var kumulert, men berre to får plass.

I Frp blir det i stor grad opp til veljarane kven somkjem inn på dei seks plassane, i og med at partiet berre har kumulert Sigbjørn Framnes og Marte Tveita Djuvsland.

I Fitjar er det enda meir som står på spel. Her er det venta at Harald Rydland og Sigurd Andre Maraas vil få mange slengjarar. Dette kan ogsåpåverka fordelinga av det siste mandatet mellom dei to partia.

Få med deg alt frå valet her!