Full stopp: Snøggbåten MS «Tranen» fekk problem med propellen utanfor Austevoll søndag kveld. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Snøggbåt fekk problem

Snøggbåt med 77 personar om bord måtte ha slepehjelp.

Ruta frå Sunnhordland til Bergen fekk tekniske problem utanfor Austevoll søndag ettermiddag, melder Bergens Tidende.

– Dei fekk problem med ein propell og blei liggjande i påvente av assistanse, fortel regionssjef for hurtigbåt, i Norled, Bjørn Egil Søndenå, til bt.no.

Han fortel vidare at det ikkje var noko dramatikk, anna enn at det å bli slept ikkje er noko normal situasjon.

– Me har ikkje fått melding om at nokon av passasjerane synest det var ubehageleg, men det er synd for dei som skulle reise vidare med fly eller anna, seier Søndenå.

Les også
Takboks blåste av bil på Bømlabrua

Passasjerane blei slept i land i Bekkjarvik i Austevoll, der dei blei henta av ein annan snøggbåt, og frakta vidare til Flesland og Bergen.

Ruta sørover blei også forseinka, fordi dei måtte assistere MS «Tranen» med propellproblema, og slepe dei i land. I tillegg var MS «Tjelden» med på slepeaksjonen, ifølgje BT. «Tranen» ligg no til kai, medan mannskapet prøver å finna årsaka til problemet.

– No må «Tranen» liggja til kai til me finn ut kva som er årsaka til den tekniske svikten, fortel Søndenå.

Sunnhordlandsruta sørover vart over ein time forseinka grunna redningsoppdraget, og kom til Leirvik klokka 19.25.

Les også
Vinden herja ved Fitjar Mekaniske Verkstad