Statsminister Erna Solberg på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen, der tema mellom anna er ferie og fritidsreiser. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Solberg: Frå i dag kan besteforeldre og barneborn vera saman

Statsminister Erna Solberg kom med ei gladnyheit fredag: Besteforeldre kan no møta barneborna sine og reisa på tur med dei.

– Det som kanskje er den viktigaste gladnyheita for mange, er at det er mogleg for besteforeldre å feriera med familien sin, sa statsministeren på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen fredag.

Rådet gjeld frå i dag, fredag 15. mai.

Dette er tilrådinga sjølv om mange besteforeldre høyrer til ei gruppe med lett forhøgd risiko ved koronasmitte, sa ho vidare.

Solberg understreka likevel at ein må vurdera individuelt, dersom ein har ein klart forhøgd risiko ved koronasmitte.

(©NPK)