HUGLO: Ferja er livsnerven for Huglo – vert ho liggjande over nokre turar går det ut over beredskapen. Foto: Steinar Hystad

– Som å snakka til ein skumgummivegg!

Ferja i trekantsambandet over Langenuen, mellom Jektavik-Hodnanes-Nordhuglo, er for livsnerven å rekna for øya aust i Stord kommune. Huglarane er diverre ikkje ukjende med at tekniske vanskar kan føra til ferjestopp. På bygdalagsmøtet tidlegare i månaden var ferjevanskar og beredskap tema til diskusjon. Endre Caldwell, leiaren i laget, kunne opplysa at han regelmessig tek problematikken opp med kommunen for å få krefter der til leggja press på fylket. Det har også vore direktekontakt mellom bygdalaget og fylket, sidan ferjesambandet er å rekna som del av fylkesvegen.

Men, det er som å snakka med ein skumgummivegg, førebels, går det fram av referatet på Huglo.no.

Eit anna sentralt tema på eit godt arbeidsmøte, var skulebygget bygdalaget overtek då drifta vart nedlagt. Det vart semje om å satsa på sanitær oppussing og nytt kjøken med tanke på vidare utleige (med overnatting) for lag og organisasjonar og leirskule.