Sorada siktar seg inn mot nattlivet
Dei siste par dagane har Sorada Thai Restaurant på Stord vore stengt.
Dagleg leiar Tony Sorada fortel at store ting held på å skje for den populære thaimat-restauranten i Fengselet på Stord.
– Me beklagar at me ikkje har fått ut opplysinga ut på Facebook, men det har gått veldig fort i svingane dei siste dagane. Me har fått tak i ein god samarbeidspartnar, og kjem til å lansera eit nytt konsept, seier han til Sunnhordland laurdag.
– Me reknar med å vera klar med matlaginga att i løpet av veka, medan me siktar oss inn mot offisiell opning av konseptet om omlag ei veke, seier Sorada.
– Me ønskjer ikkje å seia så mykje meir akkurat no enn at me trur at dette kjem til å vekkja nytt liv i nattlivet på Stord, seier Tony Sorada.
Les også: Sorada har fått nytt serveringsløyve
Les også: Slik gjekk det med profilane i utelivsbransjen