Hans Inge Myrvold (Sp) stiller spørsmål om tvangssamanslåing av kommunar. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Spør om samanslåing av kommunar med tvang

Kvinnherad-ordførar Hans Inge Myrvold (Sp) har sendt spørsmål om kommunereforma til kommunal- og moderniseringsministeren.

Spørsmålet til statsråd Nikolai Astrup (H) er sendt inn som spørjetimespørsmål.

Om bakgrunnen for spørsmålet skriv Myrvold: «Tvangsreformeringa av kommunane i dette landet skal under denne regjeringa tydeleg halda fram. Etter ein enorm ressursbruk på å slå saman kommunar uttrykkjer statsråden til Adresseavisen i februar at kommunereforma ikkje er avslutta».

Sp-politikaren spør vidare «Har regjeringspartia varsla sine respektive ordførarar i Tysnes, Fitjar, Fedje og Masfjorden om å starta ein samanslåingsprosess med sine nabokommunar?»

Spørsmålet er førebels til behandling.