Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) fekk mange kritiske spørsmål frå tillitsvalte å tilsette ved Stord sjukehus. Han prøvde å forsikra dei frammøtte om at det på ingen måte er vedteke i planen at tilbodet om akutt kirurgi skal vekk, men at det blir opp til sjukehusa sjølv å avgjerda framover.
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) fekk mange kritiske spørsmål frå tillitsvalte å tilsette ved Stord sjukehus. Han prøvde å forsikra dei frammøtte om at det på ingen måte er vedteke i planen at tilbodet om akutt kirurgi skal vekk, men at det blir opp til sjukehusa sjølv å avgjerda framover. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN Foto: Henrik Mundal Andreassen

Står fast på sine prinsipp

Besøkjet på Stord sjukehus får ikkje helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) til å endra syn i diskusjonen rundt den mykje omtala lista i sjukehusplanen.

– De må ikkje seia at dette ikkje er mogeleg, for det er det. Modellen fungerer i Norge i dag, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) medan han er på besøk på Stord sjukehus, og viser til fleire sjukehus i Norge som i dag fungerer utan tilbod om akutt kirurgi.

På besøk

Ganske nøyaktig klokka 10.30 var han på plass, først for møta tilsette og tillitsvalde på sjukehuset. Etterpå fekk han ei omvisning på sjukehuset, og der han møtte både sårpasient Bjørn Mørk og to dagar gamle Rune Halleraker Gjøsæter på fødeavdelinga. Anne Catherine Skaar, overlege og foretakstillitsvalt i Helse Fonna, fekk nytta høve til å servera ministeren fleire argument, som talar mot å ta vekk tilbodet om akutt kirurgi ved Stord sjukehus. I forslaget frå regjeringa er Stord sjukehus omtala som eit akuttsjukehus som ikkje nødvendigvis treng tilbod om akutt kirurgi.

 

 

 

Les også: – Eg peprar han med Twitter-meldingar 

 

 

 

– Fram mot 2030 blir det dobbelt så mange 70-åringar i Norge, samanlikna med i dag. Me veit at ein 70-åring brukar helsetenesta dobbelt så mykje som ein 40-åring, og seier Høie.

Valløfte

– Før Stortingsvalet i 2013 blei statsminister Erna Solberg (H) sitert på i Bergens Tidene at Norge bør ha ein nasjonal sjukehusplan der Stortinget tek avgjerdene. I planen som no er lagt fra er det berre lagt opp til at politikarane skal ta stilling til overordna prinsipp. Kvifor bryta valløftene på denne måten?

 

 

 

Les også:– Det blir feil å byggja ned sjukehusa på Stord

 

 

 

– Erna Solberg har ikkje sagt at Stortinget skal ta stilling til kva tilbod konkret som skal finnast på det enkelte sjukehus. Det er nettopp denne planen, som Erna Solberg snakka om i valkampen i 2013, som me no har lagt fram. Det er ein overordna nasjonal plan, som bestemmer prinsippa for sjukehusstrukturen i Norge, og alle dei som les kva Høgre foreslo før valet vil sjå at denne planen er heilt i tråd med den.

Ingen endring

– Har du i dag fått innspel om argument som gjer at du vil vurdera å fjerna Stord sjukehus frå den mykje omtalte lista over sjukehus som står i fare for å mista tilbodet om akutt kirurgi?

 

 

 

Les også:– Stortinget må setja foten ned

 

 

 

– Den lista er eit scenarie, og ikkje noko anna status enn det. Stortinget vil behandla prinsippa for sjukehusstruktur, og det er den lokale prosessen som avgjer kva tilbod som skal vera på Stord. Det som i alle fall er sikkert, er at dersom Stortinget sluttar seg til dei prinsippa som me har foreslått, så er det ikkje noko tvil om at me skal ha eit akuttsjukehus på Stord framover, seier Høie.

 

 

 

Les også:Brennande engasjement for Stord sjukehus

 

 

 

– Det vil seie at du framleis er sikker på at Stord skal stå på denne lista?

 

 

 

– Denne lista er eit scenario i ein stortingsmelding som er levert til Stortinget, så det blir ikkje gjort nokre endringar frå vår side på det, men det er viktig for meg å understreka at dette ikkje er ei liste som inneber ei avgjerd, og det er heller ikkje ein invitasjon til å ta ei avgjerd på bakgrunn av den lista, den lista er basert på kunnskapen som me har på dette tidspunktet, nasjonalt. Det er absolutt ikkje ei liste som gjev grunnlag for å ta noko konkret beslutning om det enkelte sjukehus, verken Stord eller andre sjukehus på denne lista.