UTRYKKING: Brannvesenet i Kvinnherad fekk melding om skulebrann natt til fredag. Men det heile var berre stearin på ein varmeomn. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Stearin fekk alarmen til å gå

Naudetatane fekk melding om brann på skule.

04.40 fredag morgon fekk naudetatane melding om røykutvikling frå Malmanger skule i Kvinnherad, nærmare bestemt Rosendal.

Men det heile viste seg å vera udramatisk. Det heile var nemleg stearin som hadde runne ned på ein varmeomn, og deretter utvikla røyk. Det var ikkje noko brann, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Les også
Branntilløp i brakkeleiren