STENGER: Alle vidaregåande skuler i Vestland er stengt frå i morgon, fredag, og i to veker. Foto: Ingvild Siglen Berger

Stenger alle vidaregåande skular i Vestland

Alle vidaregåande skular i Vestland vert stengde frå og med fredag 13. mars.

– Dette gjeld i første omgang for to veker. Elevane vil få nettbasert undervisning i denne perioden. Målet er å halda oppe den faglege progresjonen til elevane. Også fagskulane, Manger folkehøgskule og Hyssingen produksjonsskule vert stengde, heiter det i ei pressemelding frå Vestland.

– Me stenger skulane i samråd med helsestyresmaktene som ledd i arbeidet med å redusera vidare spreiing av koronaviruset, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Les også
Bergen og Vestland innfører éin meters avstand mellom kollektivpassasjerar

– Virusspreiinga har auka dei siste dagane og fylkeskommunen ser difor dette tiltaket som eit nødvendig skritt, seier han.

I pressemeldinga står det at elevane framleis vil få undervisning, slik at den faglege progresjonen i størst mogleg grad vert halde oppe.

– Elevane vil få nærare informasjon via læringsplattformen It’s learning. Alle tilsette møter på skulane som vanleg, står det i meldinga.

NETTBASERT: Elevane skal få nettbasert opplæring. Foto: Per Lønning