Stengd bru: Stordbrua har vore stengt sidan klokka 07 torsdag morgon grunna ulukka. Foto: Statens vegvesen webkamera

Stengjer brua i fleire timar

Det kan ta fleire timar før Stordabrua vert opna att etter ulukka torsdag morgon.

Oppdatering: Stordabrua opna for trafikk kl. 13.30.

Både brua og Bømlafjordtunnelen har vore stengt sidan dødsulukka skjedde, der ein varebil med to personar i vart treft av ein gjenstand frå eit vogntog. Éin person er stadfesta omkommen.

Vegtrafikksentralen vest melder i 09-tida at vegen truleg vert stengt i mange timar.

Anbefalt omkøyring er via E134, rv. 13 og fv. 49.

– Reisande frå Bømlo som skal sørover kan ta ferje frå Langevåg til Buavåg all den tid Bømlafjordtunnelen er stengt. Estimert tid for stenging av Stordbrua, Bømlafjordtunnelen og Bømlabrua er satt til cirka kl. 12, melder Sørvest politidistrikt på Twitter.

Les også
Varebil treft av last frå vogntog - éin person omkom
Les også
Politiet avhøyrer vogntogsjåfør