Minnemarkering: Torsdag kveld heldt tilsette i malerfirmaet O.Kjelsnes AS ei minnestund for sin omkomne kollega. Måndag kveld skal pårørande ha minnestund på Stordabrua, og brua blir såleis stengt i eitt kvarter. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Stengjer Stordabrua i eitt kvarter grunna minnestund

Mellom klokka 18.00 og 18.15 måndag kveld.

Stordabrua på E39 blir stengt mellom klokka 18.00 og 18.15 måndag kveld, grunna minnestund for dei pårørande etter dødsulukka på brua sist torsdag. Det melder Sørvest politidistrikt på Twitter.

Det var ein mann i 40-åra frå Litauen, tilsett i målarfirmaet O.Kjelsnes, som omkom på veg til jobb, då ein ni meter lang ståldel frå eit vogntog lausna, og trefte varebilen han køyrde. Passasjeren i varebilen skal ha komme frå det utan fysiske skader.

Les også
Éin person omkom i ulukke på Stordabrua
Les også
– Sterkt prega av hendinga
Les også
Ni meter lang ståldel trefte varebilen