Stengt i ein halvtime
Dreiv bilberging.
Bømlafjordtunnelen var stengt i ein knapp halvtime laurdag ettermiddag. Årsaka var bilberging i tunnelen.
Politiet fekk melding like før klokka 16.50. Klokka 17.08 blei det meldt om at trafikken gjekk som normalt.
Det er ikkje meldt om personskade som følgje av stansen under Bømlafjorden.