FULL STANS: Bømlafjordtunnelen vart stengt i over 40 minutt laurdag ettermiddag, etter at ein bilist fekk varmgang i bilen sin og måtte stoppa. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Stengde Bømlafjordtunnelen etter bilstopp

Varmgang i personbil med hengjar.

Laurdag ettermiddag klokka 13.20 vart Bømlafjordtunnelen stengt i 42 minutt, etter at ein bilist med hengjar fekk trøbbel i tunnelen.

– Bilbergar vart rekvirert til staden, og det skal ha gått varmgang i bilen, seier trafikkoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen Vest.

Då bilbergaren kom på plass, viste det seg at bilisten etter kvart klarte å køyra bilen sjølv, medan bergingsbilen følgde han oppover ut av tunnelmunninga. E39 vart opna for trafikk att klokka 14.02.