STENGTE TUNNELEN: Bømlafjordtunnelen vart stengt søndag ettermiddag etter meldingar om røykutvikling i tunnelopninga. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Stengde Bømlafjordtunnelen etter melding om røykutvikling

Motorhavari rett ved tunnelopninga.

Søndag ettermiddag klokka 16.42 vart Bømlafjordtunnelen stengt etter melding om at ein bil hadde stoppa om lag 50 meter frå tunnelopninga ved Føyno.

– Me fekk telefon om at ein bilist hadde fått motorhavari. Tunnelen vart stengt av vegtrafikksentralen med ein gong, seier operasjonsleiar Jøran Solheim ved Sør-Vest Politidistrikt.

Klokka 17.00 var politiet på plass, og 17.10 vart bilen taua ut av ein hjelpsam bilist på staden. Ifølgje vegtrafikksentralen vart tunnelen stengt grunna observasjon av røyk i høve bilstansen.

– Me fekk eit automatisk varsel på at det var stans i tunnelen, og såg på kamera at det kom røyk frå ein bil i tunnelopninga. Me stengde tunnelen, og ringde til brannvesenet. Men undervegs i samtalen oppdaga me at det ikkje var snakk om nokon brann, men snarare heller vassdamp. Utrykkinga vart difor avbroten, seier operatør John Andreas Omdal ved vegtrafikksentralen.

Tunnelen vart opna att klokka 17.12, ganske nøyaktig ein halvtime etter han vart stengt.