annonse

Stiller krav til grønt skifte i hurtigbåt-sektoren

Står klar
Står klar: – Me er i ferd med å gjennomføra eit totalskifte i ferjesektoren, og no står hurtigbåtane for tur, seier Hege Økland i NCE Maritime CleanTech. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)
ZeFF
ZeFF: Zero Emission Fast Ferry er ein av dei utsleppsfrie hurtigbåtane som er under utvikling. Båten vert utvikla for både batteri- og hydrogendrift. Konsortiet er leia av Selfa Arctic, som utviklar fartøyet saman med Norled, Servogear, LMG Marin og Hyon. (Foto: NCE Maritime CleanTech)
Urban Water Shuttle
Urban Water Shuttle: Dette er ein heilelektrisk hurtigbåt utvikla av selskap i NCE Maritime CleanTech – Wärtsilä, Fjellstrand, Servogear, Grenland Energy, CFD Marine og Hydro Extrusion. (Foto: NCE Maritime CleanTech)

Meiner dei kan gjera alle hurtigbåtruter utsleppsfrie innan 2023.

Vidar Hope

Teknologien for å gjera alle hurtigbåtruter i Norge utsleppsfrie vil vera klar i 2023, melder fire norske industrikonsortium og næringsklynga NCE Maritime CleanTech.

No ber dei fylkeskommunane om tydelege miljøkrav i nye hurtigbåtanbod.

Ifølgje NCE Maritime CleanTech skal det mellom 2019 og 2026 lysast ut rundt 75 hurtigbåtanbod langs Norskekysten. Korleis desse anboda vert utforma vil ha svært mykje å seia for norske klimagassutslepp, teknologiutviklinga og norske arbeidsplassar, ifølgje industriklynga.

– Norge har ein ambisjon om halvera utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. Hurtigbåtar er blant transportsegmenta med høgast utslepp per passasjerkilometer, og innføringa av ny grøn teknologi gir eit betydeleg potensial for utsleppskutt. Me er i ferd med å gjennomføra eit totalskifte i ferjesektoren, og no står hurtigbåtane for tur, seier dagleg leiar Hege Økland i næringsklynga NCE Maritime CleanTech i ei pressemelding.

ZeFF
ZeFF: Zero Emission Fast Ferry er ein av dei utsleppsfrie hurtigbåtane som er under utvikling. Båten vert utvikla for både batteri- og hydrogendrift. Konsortiet er leia av Selfa Arctic, som utviklar fartøyet saman med Norled, Servogear, LMG Marin og Hyon. Foto: NCE Maritime CleanTech

For å redusera innkjøparar og politikarar sin usikkerheit om nullutsleppsteknologi, har NCE Maritime CleanTech teke initiativ til utarbeiding av ei felles utsegn frå klynga og fire konsortium som jobbar med utvikling av utsleppsfrie hurtigbåtar. I utsegna, som er sendt til fylkeskommunane, melder industriaktørane at dei vil vera klare for å gjera alle hurtigbåtruter utsleppsfrie innan 2023.

– For ruter som kan køyrast på batteri, er teknologien tilgjengeleg i dag. For lengre og meir energikrevjande ruter vil me vera klare for introduksjon av hydrogenfartøy seinast i 2023. På grunnlag av dette meiner me at alle anbod som vert lyst ut framover må stilla krav til nullutsleppsteknologi og eit grønt miljø- og klimarekneskap, seier administrerande direktør Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa, som leier eit av konsortia, i pressemeldinga.

Dei fire andre aktørane som har skrive under på brevet til fylkeskommunane er NCE Maritime CleanTech og konsortium leia av Selfa Arctic, Rødne Fjord Cruise og Fjellstrand.

I utsegna viser industriaktørane også til at hurtigbåtar kan spela ei svært viktig rolle i arbeidet med å få opp ei forsyningskjede for grøn hydrogen i Norge.

– Som ein potensiell tung forbrukar av hydrogen, kan hurtigbåtane bidra til å skapa den naudsynte etterspurnaden som skal til for å få opp dei første produksjonsanlegga for grøn hydrogen til ein konkurransedyktig pris. Dette vil vidare mogleggjera nullutsleppsdrift for andre fartøystypar, som cruiseskip, fraktefartøy og offshorefartøy, seier Økland.

Urban Water Shuttle
Urban Water Shuttle: Dette er ein heilelektrisk hurtigbåt utvikla av selskap i NCE Maritime CleanTech – Wärtsilä, Fjellstrand, Servogear, Grenland Energy, CFD Marine og Hydro Extrusion. Foto: NCE Maritime CleanTech

I handlingsplanen for grøn skipsfart, som vart lansert i juni, seier regjeringa at dei vil bidra til at det kan stillast krav om null- og lågutslepp i kommande anbodsrundar på hurtigbåtar. Gjennom revidert nasjonalbudsjett er det løyvd 25 millionar kroner til innføring av grøne hurtigbåtar, og regjeringa vil arbeida vidare med ei støtteordning for fylkeskommunane som stiller krav om grøne hurtigbåtar. Ved framtidige revisjonar av kostnadsnøklane i inntektssystemet vil regjeringa også ta omsyn til kostnadsauke som følgje av val av meir miljøvenleg teknologi.

– Dette er eit tydeleg signal frå regjeringa om at dei ønskjer utsleppsfrie hurtigbåtar. Det er også eit signal på at det vil komma meir pengar til fylkeskommunane, slik at dei vil vera i stand til å gjennomføra same løftet for hurtigbåtar som dei har klart for ferjene, seier Økland.

Utforming av kommande hurtigbåtanbod og finansiering er tema på ein av NCE Maritime CleanTech sine debattar på Arendalsuka tysdag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut