annonse

Stiller spørsmål om prosedyrar ved vassforureining

FITJAR
FITJAR: KrF stiller spørsmål om Fitjar sine rutinar knytt til eventuell forureining av drikkevasskjelda. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)
STILLER SPØRSMÅL
STILLER SPØRSMÅL: Bård Inge Sørfonn. (Foto: PER EGIL LARSEN/ARKIV)

Har sendt inn spørsmål til kommuneadministrasjonen.

Ingvild Siglen Berger

Til morgondagens møte i Utval for plan og miljø i Fitjar, stiller Bård Inge Sørfonn i Fitjar KrF spørsmål om Fitjar kommune sine rutinar.

STILLER SPØRSMÅL
STILLER SPØRSMÅL: Bård Inge Sørfonn. Foto: PER EGIL LARSEN/ARKIV

– I nyheitene har me høyrt om vassverket på Askøy og forureininga av drikkevasskjelda der. Det har komme fram i ROS-analysen for Askøy at dei ville vera dårleg førebudd på ein slik situasjon. Kva prosedyrar har Fitjar kommune om drikkevasskjelda vår skulle bli forureina? spør Sørfonn.

– Har me ein beredskap for ein slik situasjon? vil Sørfonn også ha svar på.

Onsdag skreiv NRK at 117 askøyværingar har fått påvist at dei er smitta av tarmbakterien campylobakter. Bakterien kan gje symptom som diaré, oppkast og magesmerter.

Då Handballfestivalen vart arrangert på Stord i helga, måtte fleire enn 50 spelarar frå Askøy reisa heim grunna sjukdom.

Les også: Liten risiko for smitte på Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut