Alle dei ni personane som blei stoppa her på Bømlabrua blei bortvist frå Stord og Bømlo i to døgn.
Alle dei ni personane som blei stoppa her på Bømlabrua blei bortvist frå Stord og Bømlo i to døgn. Foto: Marius Knutsen / arkiv

Stoppa bil med personar politiet mistenker for vinningskriminalitet

Politiet har vore i kontakt med fleire huseigarar.

Ein utanlandsk mann skal ha ringt på dører på Bremnes for å selja treleiker. Politiet skriv at dei er kjent med at mannen blei sleppt av av ein utanlandskregistrert bil og mistenker at han ved eitt tilfelle også gjekk inn i eit hus, som stod ope, men stal ingenting.

Seinare på kvelden skal politiet ha registrert at ein blå varebil plukka opp seljarar av treleiker ei rekkje stader på Bømlo. Ved Bømlabrua blei bilen stoppa, men politiet fann ingenting som var stole.

Det er likevel grunn til å vera føre var, meiner Stord-lensmann Roald Raunholm.

– Alle dei ni personane som var i varebilen då denne blei stoppa blei bortvist frå Bømlo og Stord i to døger. Det er fleire grunnar til at me mistenker at aktiviteten til desse personane kan vera eit forarbeid til mobil vinningskriminalitet. Det er ikkje usannsynleg at dei har prøvd å gjera seg kjend i diverse område på Bømlo for å førebu innbrot ved eit seinare høve. Me ber publikum følgja med. Meld frå til politiet om de opplever mistenkeleg aktivitet, seier Raunholm i ei pressemelding.

Raunholm ber innbyggjarane på Bømlo om å ta nokre grep for å unngå at dei blir utsett for innbrot medan dei er vekkreist på ferie.

– Sørg for at alle dører, både til hus og garasje, er låst. Lukk vindauge og unngå at verdisaker blir liggjande usikra. Det kan også vera lurt å alliera seg med naboar eller andre kjende, slik at dei kan følgja med medan bustaden står tom, skriv han.