Stor skogbrannfare i Rogaland og Vestland

Meteorologisk institutt melder om lokalt stor skogbrannfare frå Stavanger og opp til Sogndal dei næraste dagane.

Det er lokalt svært stor gras-, lyng- og skogbrannfare i snøfrie område inntil det kjem nedbør av betydning, heiter det i varselet på varsom.no, som gjeld fram til 10. juni.

Brannmannskap frå Stord og Fitjar tok del i ettersløkkinga på Sotra i sist veke. Foto: Stord brann og redning

Varselet er på oransje nivå – det nest høgaste – og tyder at vegetasjon svært lett kan ta fyr og veldig store område kan bli ramma.

Befolkninga blir bedne om å vera svært forsiktig med bruk av open eld og følgja dei lokale instruksjonane til styresmaktene.

Varselet gjeld for store delar av Rogaland, Hordaland og Sogn.

Les også
Storbrann til ettertanke