PODKAST: Camilla Abelsen skal finna ut om ho er gravid. Ho får svaret i femte episode av «Camilla vil ha baby». Foto: Kristine Brandsdal Barane

Stor spenning medan dei ventar på resultatet frå graviditetstesten

Høyr ny episode av podkasten «Camilla vil ha baby» no.

I femte episode kjem dagen som heile familien har venta på. Spenninga er stor når Mina Celin (10) og mamma Camilla Abelsen (33) ventar på resultatet av graviditetstesten. Blir babydraumen ein verkelegheit, eller blir det endå ein nedtur?

– Eg tenker at det sikkert ikkje går. For me har prøvd mange gongar før, seier Mina Celin til mora, medan dei ventar på svaret.

Minuttar kjennes ut som timar. Dei ser på testen med håpefulle auge.

Høyr heile episoden her (og følg gjerne «Sunnhordland dokumentar» der du lyttar til podkast):