Banksjef Dag Sandstå melder om solid halvårsresultat for Tysnes Sparebank.
Banksjef Dag Sandstå melder om solid halvårsresultat for Tysnes Sparebank. Foto: MELING MEDIA

Stor vekst for lokalbanken

Tysnes Sparebank betrar driftsresultatet med heile 20 prosent samanlikna med året før.

Det skriv banken i ei pressemelding om første halvårsresultat i 2019, som vart på heile 19,1 millionar kroner i driftsresultat. Dette er 3,3 millionar kroner meir enn på same tid i fjor.

– Me er stolte over det banken har skapt av verdiar det siste året, utan ein fantastisk medarbeidarstab hadde det ikkje vore mogeleg, seier banksjef Dag Sandstå i pressemeldinga.

Les også:Stor vekst i utlån

Yngre kundar

Veksten i utlån det siste året er på ca. 14 prosent, og samla utlån, inkludert finansiering via bustadkredittføretaket), har passert 3,2 milliardar kroner. Banken opplev stor pågang frå folk som ønskjer å verta personkundar, og geografisk er auken størst i Sunnhordland. Det er elles flest personar i aldersgruppa 20–45 år som vil verta kundar.

– Me er glade for at dei yngre kundane ser nytten av å ha ein lokal bank som kjenner lokalsamfunnet godt, og kan tilby løysingar tilpassa den enkelte kunde, seier banksjefen.

Les også:Solid auke i fjor

Vil veksa meir

Tysnes Sparebank har saman med Jerbanepersonalets Bank og Forsikring kjøpt Aktiv Eigedomsmekling i Hordaland. Dette selskapet har kontor på Stord, Lagunen og i Bergen sentrum, medan banken har hovudkontor på Tysnes og andre kontor på Stord, Rosendal, Odda, Husnes og Lagunen.

Med god utvikling i Sunnhordlandsregionen den siste tida, har banken som målsetjing å veksa også i åra som kjem.

– Me har eit svært godt utgangspunkt for å veksa i åra som kjem, noko som er naudsynt for å kunna halda fram som lokal, sjølvstendig og frittståande sparebank, seier Sandstå.