Alternativ 4, med veg i ope terreng gjennom sårbare natur- og friluftsområde, er Statens vegvesen sin favoritt for ny E39 over Stord. Stord kommune kjempar hardt imot.
Alternativ 4, med veg i ope terreng gjennom sårbare natur- og friluftsområde, er Statens vegvesen sin favoritt for ny E39 over Stord. Stord kommune kjempar hardt imot. Foto: Lars Helge Rasch

Stord kommune vil gjera om E39-vedtak

Til kamp mot E39 gjennom Landåsen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjeve Stord kommune lov til å snu frå alternativ 5 til alternativ 2 i planlegginga av E39 Heiane - Ådland/Nordre Tveita. 

- Det er ganske så oppsiktsvekkjande at departementet gjev oss lov til dette, og me ser på det som ein stor siger, seier Stord-ordførar Gaute Epland til Sunnhordland. 

No håpar han at trasévalet kan koma opp som eigen sak i Stord kommunestyre relativt kjapt. 

- Ettersom prosjektet ikkje ligg inne i Nasjonal Transportplan så har me tid til å sjå på dette på ny, med nye auge, utan å forseinka prosessen, understrekar Epland. 

Stord kommune gjekk i utgangspunktet inn for alternativ 5, med ein fem kilometer lang tunnell under natur- og friluftsområde Landåsen, i planlegginga av E39 Heiane - Ådland/Nordre Tveita. Departementet, på si side, landa på alternativ 4, som er kontroversielt i natur- og miljøperspektiv. 

– Det er ikkje lokal vilje for utbygging av trasé i samsvar med alternativ 4, då dette alternativet, slik me ser det, er det alternativet som i størst grad øydelegg viktige natur- og friluftsverdiar i Landåsen. I vår planlegging for vidare fortetting og utvikling av Leirvik som urbant regionsenter, er det viktig å ha Landåsåen som eit nært og lett tilgjengeleg natur- og friluftsområde med gode kvalitetar, skriv Stord-ordførar Gaute Epland og rådmann Magnus Mjør i eit brev til Fylkesmannen i Vestland, Hordaland fylkeskommunen og Statens vegvesen, region Vest.

Nytt traséval

Kommunal- og moderniseringsdepartementet avgjorde i juli 2017 at alternativ 4 skulle leggjast til grunn for den vidare planlegginga av E39 Heiane - Ådland/Nordre Tveita. Dette alternativet legg opp til ein trasé gjennom sårbart natur- og friluftsområde knytt til Landåsen, og fleire felts motorveg tett inntil Landåsvatnet. Departementet landa på dette alternativet, då alternativ 5 - med ein fem kilometer lang tunnel under Landåsen - blei forkasta grunna for høge kostnader. Stord vedtok alternativ fem, men har no fått tilbakemelding frå departementet om at kommunen kan vurdera trasévalet på ny.

Eiga sak

I brevet sitt gjer Epland og Mjør greie for at kommunen ønskjer å endra vedtaket frå alternativ 5 til alternativ 2. Alternativ 2 er lagt nære eksisterande E39, men meir i utkanten av natur- og friluftsområda i Landåsen.

– Kommunestyret ønskjer å handsama saka som eiga sak, og ikkje i samband med komande rullering av kommuneplanen, då saka legg grunnleggjande føringar for vidare arealforvaltning i kommunen, skriv Epland og Mjør.

Val av ny E39-trasé over Stord er eit minefelt, og det har vore fremja motsetn mot alle alternativa. 

. Statens vegvesen hadde motsegn til alternativ 1, som er ei utviding av eksisterande E39, fordi dette alternativet ikkje tilfredsstiller krava i den rutevise utgreiinga for standarden på E39 mellom Aksdal og Bergen, som legg opp til at vegen skal vere dimensjonert for 110 km/t.

Dei hadde også motsegn mot alternativ 5 grunna høgare utbyggingskostnader.

Fylkesmannen hadde motsegn til både alternativ 2, 4 og 5, men vurderte at alternativ 2 under visse omstende var det alternativet som best syntest å kunne ta vare på natur-, kultur- og friluftsområda.

Fylkesmannen peika på at det var viktig å få til ei god løysing for mellom anna vilt- og hjortekorridoren ved Heiane, og å finne ei god løysing for å ta vare på naturverdiane knytt til Ådlandsvatnet.

Klima- og miljødepartementet tilrådde vedtak av alternativ 2 medan Samferdselsdepartementet tilrådde alternativ 4.

Les også: Slik blir Landåsen i framtida