Ein stordabu i 50-åra mista førarkortet etter å ha køyrt i 120 km/t gjennom Bømlafjordtunnelen si 80-sone.
Ein stordabu i 50-åra mista førarkortet etter å ha køyrt i 120 km/t gjennom Bømlafjordtunnelen si 80-sone. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV

Stordabu mista lappen i Bømlafjordtunnelen

Køyrde i 120 km/t i 80-sona.

Laurdag kveld la Utrykkingspolitiet (UP) seg bak ein bil som køyrde gjennom Bømlafjordtunnelen.

– UP følgde etter og målte snittfarten til bilen, som vart målt til 120 kilometer i timen i 80-sona, seier vaktsjef Gunnar Sande ved politistasjonen i Haugesund.

Bilisten er ein mann i 50-åra, som bur på Stord. Han vart avhøyrt av politiet, og erkjente at han hadde køyrt for fort. Førarkortet vart fråteke på staden.

Les også: Bøtela åtte bilistar under laserkontroll