STØTTE: Tore Mathiesen og Trond Haga har vært sentrale i Stordmodellen. No er det klart at regjeringa har sett av fem millionar kroner til utdanningstilbodet. ARKIVFOTO: MARIUS KNUTSEN

Stordmodellen får fem millionar kroner

Regjeringa løyver 100 millionar til fleksible utdanningstilbod. HVL får tredje mest i landet, og fem millionar kroner går til den såkalla Stordmodellen.

– I krisetider har me god erfaring lokalt og nasjonalt med å satsa på høgare utdanning som ei drivande kraft framover. Me har fått gleda av å formidla fleire studieplassar og renovasjonsmidler til Campus Rommetveit, seier Geir Angeltveit (V) i ei pressemelding.

Fleksibelt

Stordmodellen går ut på å gje fagarbeidarar mogelegheita til å få ingeniørutdanning.

Høgskulen på Vestlandet får totalt 11.150 millionar kroner og er med den institusjonen som får tredje mest av dei 15 som har søkt.

– De fleksible tilboda vil gje fleire tilgang til utdanning, uavhengig av tid, stad og –livssituasjon. Utdanning spelar ein nøkkelrolle når me skal rusta noverande og framtidige arbeidstakarar for behova i framtida, seier Diku-direktør Harald Nybølet i pressemeldinga.

Det er Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku) som har fordelt støtta etter søknad.

– Hensikta med desentraliserte utdanningar er at menneska som ikkje har høve til å vera fysisk på ein campus også får tilgang på høgare utdanning. Også for studium som ikkje er nettbaserte, seier Geir Angeltveit.

Heile livet

– Me må gjera utdanning meir tilgjengeleg for vaksne med familie, jobb og bustadlån slik at fleire kan læra heile livet. For å få det til trengjer me fleire fleksible og desentraliserte tilbod som er tilpassa den livssituasjonen mange vaksne er i, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Alle fagområde og utdanningsnivå har hatt mogelegheit til å søka om middel, men i 2020 er tverrfaglege studietilbod som dekkjer behov knytt til grønt skifte, teknologi og helse prioriterte område.

Glade på HVL

– Kjempebra! Dette går rett inn i arbeidet vårt med å tilby gode, fleksible og relevante utdanningsløp. Å læra heile livet er eit felt som me satsar på her ved HVL, og denne tildelinga kjem godt med, seier rektor Berit Rokne.

– All ære til fagmiljøa våre i heile HVL som har jobba godt på kort tid her saman med blant andre Avdeling for utvikling av læring og undervisning, legg Rokne til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ros til industrien

– Industrien på Stord har verkeleg markert seg nasjonalt med sin tilnærming til vidareutdanning av fagarbeidarar og teknisk personell. HVL vil kunne rekruttera elevar frå heile landet som etter enda studieløp vil kunna bli viktige ressursar for industrien her lokalt, seier Liv Kari Eskeland (H).

– Vår lokale leverandørindustri har gjort ein formidabel jobb i å synleggjera det behovet industrien har for auka ingeniørkompetanse, eit arbeid som har nådd heilt inn til regjeringsapparatet, legg Eskeland til.

(Red. anm. I den første pressemeldinga stod det at HVL fekk 13 millionar. Artikkelen er redigert etter at det blei lagt ut ny pressemelding frå Kunnskapsdepartementet)