Bål: Brannvesenet rykte fredag kveld ut etter melding om eit stort bål ved Breidvik på Stord. Foto: Kjetil Østrem

Stort bål skapte bekymring - politi og brannvesen rykte ut

Personar i området Øklandslio vart bekymra då dei såg eit stort bål i mørke nede ved sjøen.

Politi og brannvesen rykte fredag kveld ut til eit stort bål ved Breidvik på Stord, som skapte bekymring i befolkninga.

– Det var snakk om eit stort bål ved sjøen. Brann og politi er på staden og vil vurdera kva som skal gjerast vidare, sa Stig Forbregd, vaktleiar i 110-sentralen, til Sunnhordland i 20-tida.

Han opplyser at det å brenna bål i mørket, utan å varsla, er ulovleg.

– Det skaper bekymring i befolkninga, seier han.

Det kom inn fleire meldingar frå personar i området om brannen, som viste seg å vera eit bål.

Ifølgje vaktleiar hos Haugesund politistasjon, Britt Jorunn Løvereide, har ikkje politiet oppretta sak etter hendinga. Det skal vera snakk om ein mann som har brent boss og takplater.