Styrehus i båt utbrent måndag morgon. Eigar blir avhøyrt

Båten låg i hamn.

Brannmannskap på Bømlo fekk raskt kontroll over brann i styrehus i ein 35 fot stor båt som låg til kai i Meling måndag morgon. Naudetatane rykte ut klokka 07.20.

– Brannvesenet har sløkt brannen. Dei driv ettersløkking. Det var ingen personar i båten då brannen starta, melder Sørvest politidistrikt.

Styrehuset er heilt utbrent. Politiet avhøyrer eigaren av båten.

Klokka 10.00 melder politiet at eigaren er avhøyrt. Båten skal vera 60 år. Brannårsaka er ukjend. Politiet opprettar sak.

Ifølgje Bømlo-nytt er det ein reketrålar som brann.

– Me har fått avgrensa det til styrehus og lugar, så båten er for så vidt heil på utsida, men styrehuset er skadd, seier Jens Helge Habbestad i Bømlo brann og redning til avisa.